Spelarprofil: PER OTTO LIEN

Eg spelte fotball heilt frå vi begynte på fotball i tidleg skulealder, og fram til eg gav meg rundt 2009/2010.

     -Ditt beste fotballminne frå tida i klubben?

Eg har mange gode minne frå den tida. Det beste sportslege minnet må vere då vi rykte opp til 4. divisjon i 2005.

2008 – heimesiger 4-0 mot Eikefjord. F.v. Per Otto Lien, Eivind Grodås og Andre Haugen.

        -Hending du aldri gløymer?

Frode Grodås med sitt All Star Team i avskjedskampen på Hornindal stadion i 2004, då vi fekk spele mot mange store fotballnamn.

2007 – bortekamp i 4. divisjon mot Selje tap 3-1. Honndalsspelarane frå venstre er: Tarjei Lødøen, Lars Ove Rake, Morten Taraldset, Ras,us Gausemel, Per Otto Lien og Sondre Grodås. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

        -Beste medspelar i honndalsdrakt? Dei andre 10 som gjorde laget på bana komplett til ei kvar tid.

       -Person i klubben som du set ekstra høgt? 

Edvin Haugen!

2008 – treningskamp mot Vartdal på Eid Idrettspark. Bak frå venstre: Per Otto Lien, Eivind Grodås, Håvard Sollid, Even Lødemel, Rasmus Gausemel og Anders Elling Kristensen. Framme frå venstre: Olav Otterdal, Martin Seljeset, Krister Seljeset, Marius Grodås og Tarjei Lødøen.

       -Kva har Hornindal fotball betydd for deg? 

Fotballen har betydd mykje for meg. Både sportsleg og sosialt. Det var kjekt å vere  med på turen fra botnen av 6. divisjon og opp til 4. divisjon (og ned igjen til slutt). Det var mykje reising rundt om i fylket for å spele kamp og ein fekk sjå og oppleve mange fine plassar. Heimturane i bil (og buss nokre gongar)var spesielt kjekke om kampen vart spelt på ein fredag eller laurdag☺️

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball