Spelarprofil: WENCHE FLÅM RØBERG

Wenche starta med fotball då ho var 11 år. Lynrask og målfarleg spiss som hevda seg på høgt nivå.

Wenche i 1993 . Foto: Harald Vartdal.

     -Beste fotballminne frå tida i klubben?

-Då jentelaget vårt slo Stadlandet 35-0 på heimebane. Vi i angrepet vart sett i forsvar og forsvaret sett i angrep. Ei heilt spesiell oppleving.

      -Hending du aldri gløymer?

-Då vi gjekk til topps i BT-cupen og vann tur til Oslo og cupfinalen. Vi reiste saman med vinnaren av guttelaga, Sogndal med m.a. Eirik Bakke og Terje Skjeldestad.

1992 Vinnar av BT-cupen. Bak fra venstre: Liv Merete Kroken, Nina Kristin Flo Mørkved, Maria Renate Lødemel, Wenche Flåm, Stine Folven Bergesen, Siri Frøholm, Nella Kathrin Flo, Andrea Gjertsen, Elisabeth Grodås, Nina Erdal. Framme fra venstre: Carina Fannemel, Mariann Flo, Mariann Guddal, Laila Kveen, Ingunn Brekke, Yvonne Hjellbakk, Vigdis Loen og Anne-Britt Rake

       -Andre ting du har lyst å fortelje frå di fotballkarriere?

-Eg berre melde meg på fotball som 11-åring. Visste ikkje om dette var noko for meg. Men etter å ha scora 5 mål i opningskampen var eg ikkje tvil. Eg hadde vakse opp saman med gutane oppi Håjen, noko som var ein stor fordel. Så vart eg plutseleg teken ut på kretslaget til Sogn og Fjordane. Der spelte eg to år. Gleda var stor då trenaren banka på døra og sa eg var landslagsaktuell. Det var draumen. I tillegg var det stas når klubbar byrja ringe og ville ha meg til å spele for dei.

1993 – damelaget vinn 9-1 over Hyllestad. Wenche scorar her eit av sine tre mål i kampen. Foto: Harald Vartdal.

   I løpet av karriera spelte eg både på småjente-,  jente-, guttelaget – og på damelag  spelte eg for Hornindal og Eid. Vart toppscorar i 2.divisjon på Eid med 38 mål på ein sesong. Hadde to sesongar i 1.divisjon for Hornindal og Eid damelag. Elles prøvespelte eg for 1.divisjonslaga Bremanger og Kaupanger. Under prøvespelinga for Kaupanger vart eg kåra til beste angriper.

    -Din beste medspelar i honndalsdrakt?

-Nella Katrin Flo. Vi var eit samspelt spisspar som utfylte kvarandre. Ho var teknisk og eg rask, og begge like målfarlege.

Trur dette er frå eit innandørs KM, årstal er ukjent. Bak frå venstre: Siri Frøholm, Nella Katrin Flo, Wenche Flåm, Andrea Gjertsen og Ola Roar Fannemel. Framme frå venstre: Irene Lødemel, Laila Kveen og Anne-Britt Rake. Foto: Fjordingen

   -Person i klubben du set ekstra høgt?

-Eg set sjølvsagt alle trenarane mine opp gjennom åra svært høgt. Men den eg set aller høgst er Ola Roar Fannemel. Hans engasjement og fotballkunnskap betydde mykje for fotballgleda og det vi oppnådde som lag. 

    -Kva har Honndalsfotballen betydd for deg?

-Dette var barndommen og tenåringstida mi. Eg gleda meg til kvar trening, eigentrening og kamp. Honndalsfotballen gjorde at eg nådde så langt som eg gjorde. Fotballen var livet, og med gode trenarar og medspelarar har det gjeve meg minne for livet.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball