Spelarprofil: ÅSE STØVERSTEIN RINGDAL

-Eg spelte for Hornindal frå 1984. Eg var med på laget som vann fyrste Fj-cupen (det velkjente SABA-laget). Og avslutta karrieren våren i 1997, etter eit år i 1. divisjon, med armbrudd (på trening), og klubben trakk seinare den våren laget frå serien meiner eg. 

1996 – damelaget spelte i 1 div. her frå pausa i bortekampen mot Voss – kampen enda 0-0. Frå venstre: Hilde Sætren, Åse Støverstein, Maria Renate Lødemel, Nella Katrin Flo og Petrine Langeland.

    -Beste minne frå tida i klubben?

Alle åra på Norway-cup, spenninga for gruppespelet, og kor langt i skulle kome i år. Og ikkje minst skuffelsen når eventyret var over. Frå Norway-cup 1989 hugsar eg at vi tok toget til Lillestrøm for å sjå Frode spele kamp.

Norway Cup 1989. Bak frå venstre: Nina Kristin Flo, Wenche Seljeset, Solgunn Øen, Mariann Nygård, Oddfrid Bakke, Liv Bente Grothaug, Renate Taraldset og Marianne Vellene. Framme frå venstre: Marsha Faulk, Anne Berit Maurset, Bodil Leivdal, Linda Taraldset, Monika Lødemel, Hilde Sætren og Åse Støverstein.

   Elles hugsar eg då vi var til Stavanger og spelte kvalifisering til NM innendørs. Det gjekk vel ikkje så bra sportsleg, men en kjekke tur og ei oppleving å ta med vidare. 

   Av andre minnest eg at Odd alltid hadde med bananer til oss før kamp. Ja, og så kan eg ikkje unngå å nemne SABA-draktene våre☺️

    -Andre ting du har lyst å fortelje frå di fotballkarriere?

Laga eg spelte på, både jente- og guttelag, hadde eit veldig godt samhald. Turane vi hadde med bussen, der far som oftast var sjåfør, gav eit godt grunnlag for samhald og felleskap i laget. Kan huske mange tårer og fortvilte øyeblikk når skade oppsto, men eg kom meg alltid på beina igjen etter nokre dager med kvile.

På siste halvdel av 80-talet. F.v. Anders Støverstein og Ole Magnar Hessholm.

    -Din beste medspelar i honndalsdrakt?

Vanskelig å nemne berre ein. På jentenivå var vel Renate den beste i honndalsdrakta, på damenivå vil eg seie at Oddrun Kristin var ein spelar eg sette stor pris på å ha på laget, og som var ein solid spelar for oss.

     -Person i klubben du set ekstra høgt?

I mi tid som fotballspelar i Honndalen er det vel ein spesiell som har utmerka seg, og det er Odd som oppmann, alltid med oss, og alltid like blid og alltid positiv.

Sigurd Salvesen som var min fyrste trenar, og Ole Magnar, som vel er den trenaren eg har hatt over flest sesongar.

Øverts frå venstre: Hilde Sætren, Kristi Frøysadal og Irene Lødemel. Midten frå venstre: Marianne Røyrshus, Carina Fannemel, Mariann Flo, Nella Katrin Flo og Marianne Vellene. Nederst frå venstre: Linda Solheim, Liv Jorunn Espe, Åse Støverstein, Siri Frøholm, Maria Renate Lødemel, Petrin Langeland og Anne Merete Sandvik.

      -Kva har Honndalsfotballen betydd for deg?

Svært mykje.  Sjølv om eg hadde nokre sesonger for Sunnylven og seinare flytta til Ålesund, så var det ingen tvil om at det var i Honndalen fotballhjertet mitt høyrde.

Åse har bidrege med alle bilda som er brukt i artikkelen. Veldig kjekt for å oss å få tak i bilder som vi ikkje har frå før, tusen takk Åse!

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball