-Når spelte du for Hornindal?
Heilt frå eg byrja med fotball i ung alder. Debuterte på A-laget i 2003 og spelte der fram til og med 2011-sesongen. året etter signerte eg for Stryn.
-Beste minne frå tida i Honndalsfotballen?
Eg har veldig mange gode minne. Kan spesielt trekke fram ein bortekamp mot Bremanger der vi reiste nedover med 10 mann. Kampen enda uavgjort, men vi var ganske nær å vinne. . Det var ein utrulig kjekk kamp! Vi hadde òg nokre sesongar i 4. divisjon der nivået på laget var veldig bra.
Elles har eg gode minne frå eg debuterte og frå min første kamp som kaptein. Det var stor stas.
-Hending du aldri gløymer?
Då må vi faktisk tilbake til ei miniputt-turnering i Oppstryn. Vi hadde buss til turnering den dagen, og Gunnar Grodås køyrde. Fram på Hjelle var Gunnar overbevist om at brua var brei nok for bussen. Det var den ikkje. Eg hugsar ingen ting frå sjølve turneringa, men akkurat dette sit spikra.
-Andre ting frå du har lyst å fortelje frå di fotballkarriere?
Vi hadde nokre sesongar der vi samarbeida med Stryn om felles gutelag og seinare felles juniorlag. Dette vart eit heilt nytt nivå, der fleire eminente fotballspelarar var på laget. Vi reiste til Dalecarlia-cup og Gothia-cup, der vi gjorde det ganske bra. Dette var ekstremt utviklande og veldig kjekt!
-Din beste medspelar i honndalsdrakt?
Eg har spelt med mange som fikk store karrierer (både innanfor fotball og skiskyting) då vi hadde kombinert guttelag og juniorlag i lag med Stryn. Den beste medspelaren på eit reint honndalslag må vere Endre Lødemel. Ein bauta som eg lærte mykje av.
-Person i klubben du set ekstra høgt?
Her er det mange som burde nemnast. Ikkje minst for det arbeidet som no blir gjort for historia til Honndalsfotballen. Ikkje minst alle dei som legg til rette for at barn og unge får spele fotball. Det er mange som har «usynlege» roller i ein fotballklubb. Alle desse er viktige!
Om eg skal nemne èin person så har Gunnar Grodås betydd mykje for min del. Han var vel trenar for meg når eg var stor nok til å starte med fotball, og eg trur ikkje det var mange sesongar han ikkje var ein del av trenarane rundt meg.
-Kva har Honndalsfotballen betydd for deg?
Veldig mykje. Eg meiner at den sosiale verdien av å vere ein del av eit lag er underkommunisert blant barn og unge i dag. Verdien av å tape i lag, vinne i lag, oppleve skuffelse og glede, stille krav til andre, møte andre sine krav til deg, diskutere og vere uenige. Dette er verkeleg med på å forme deg som person seinare i livet. For min del har Honndalsfotballen vore denne arenaen gjennom oppveksten. Den har gitt meg enormt med gode minne, både på fotballbana og i utallige mil i bil.