SIF/Hessa – Hornindal 3-0

Damelaget reiste til Ålesund med 13 spelarar klar til kamp mot laget vi slo 3-2 i fjor. I år vart det vanskelegare. Etter èin tung start der heimelaget tok leinga etter ca.10 min så heva HIL damene seg. Kampen var tøff med høgt tempo og mange dueller. Den siste fin touchen mangla for at HIL skulle få uttelling på sjansane mot heimelaget. Mot slutten av kampen klarte SIF/Hessa å putte ytterligere to baller i nettet, noke som ikkje gjer eit rett bilde av kampen. Fleire spelarar fekk prøve seg i nye posisjoner som dei takla svært godt. Her er meir å trene på så treningane framover blir viktige for å bli dyktigare i situasjoner framfor motstandaren sitt mål.

I løpet av sesongens 2 fyrste kampar har 3 spelarar spelt sine fyrste seniorkampar. Desse spelarane er Malin Muldsvor f.2008, Elisebet Hamre Lødemel f.2009 og Emine Espe f. 2010.

Bak frå venstre: Evelina Sætren, Mathea Haugen, Sofie Støverstein, Sigrid Sollid Tisthamar, Malin Muldsvor og Elisebet Hamre Lødemel. Framme frå venstre: Iselin Oppheim, Siri Lillestøl, Emine Espe, Susann Gausemel, Laura Haugen, Tirild-Elen Stensaker og Ina Nygård Leite. Foto: Svein Otto Espe.

Neste kamp for damelaget er heime mot Hovdebygda 25 april kl. 18.30.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball