Jens Christian Skrede spelte fast på A-laget i 1988 og 1989. Deretter litt til og frå i sesongane 1990, 1994 og 1995. God kantspelar og humørspreiar som pådrog seg eit av klubben sine mest spektakulære raude kort.
-Ditt beste minne frå tida i klubben
Opprykket til gamle 4.divisjon. Vi slo Svelgen 4-0 i avgjerande kamp i høljande regnvær. Festen etterpå var bra trass i at det var søndagskamp
-Hending du aldri gløymer?
Det må bli bortekampen mot Vik då eg fekk raudt kort. Dommaren var heilt kommod. Då han for n’te gong bles i vår disfavør, ropte eg «går du på batteri».. Dermed måtte eg ta ein tidleg dusj. Robin har etter denne hendinga alltid kalla meg Batteriet…
-Beste medspelar i honndalsdrakt?
Oddvar Espe. Ein litt a-typisk honndalsspelar på eit lag med mykje musklar og fysikk. Oddvar teknisk finslepen, med eit nydeleg blikk for spelet . Han dikterte mykje av vårt offensive spel. Eg kom frå meir spelande lag som Eid og Heia, og fekk vel eit slags kultursjokk i møte med den fysiske fotballen i Honndalen. Oddvar var den eg spelte best saman med. Må også nemne Knut Jarle Kroken. For eit talent. Fart, teknikk og grei fotballforståelse. Gode avslutningar. God i lufta. Men skulle mjølke kyr og spele fele, så vart så som så med fotballtreninger.
-Kva har Honndalsfotballen betydd for deg?
Mange gode opplevingar saman med kjekke folk.