Odd Løvlid (1947-2014) spelte ikkje ein einaste fotballkamp. Men gjennom fleire tiår som oppmann, billettør, revystjerne og miljøskapar var han ein av klubben sine store bidragsytarar.
Då Rolf Kobberstad på midten av 1980-talet lanserte ideen om fotballrevy, var Odd den første han spurde om å vere med. Svaret var ja. Og med det kunne revysjef Rolf setje planane ut i livet. Når vi dag ser på bilete frå dei mange fotballrevyane, er Odd med på tallause suksessnummer.
Fotballrevyen var i mange år ei av viktigaste inntektskjeldene til klubben – og gjorde det mogeleg å halde eit høgt aktivitetsnivå både i aldersbestemt og senior.
Odd Løvlid tok på seg mange verv som oppmann. Også her var han eit unikum; pliktoppfyllande til tusen. Jubla saman med spelarane når det gjekk godt. Men like viktig; Odd var den som gav oppmuntrande ord og klapp på skuldra når det butta imot.
Odd (oppmann) utgjorde saman med Anders Støverstein (sjåfør) og Ole Magnar Hessholm (trenar) trioen som mange i mange år tok med lag til Norway Cup. Der dei fekk store opplevingar både sportsleg og miljømessig.
Når ein tenkjer etter er det nesten utruleg at ein mann som sjølv aldri spelte fotball, kunne sette slike spor etter seg.