Fotballgruppa har samla stoff om fotballen i Hornindal Idrettslag sidan starten i 1922 og fram til i dag. No er ønskjet at vi gjennom intervju og presentasjon av personar som har gjort innsats for klubben – spelarar, trenarar, oppmenn, leiarar og andre eldsjeler – skal få meir «kjøt på beinet».
Vi har ei lang liste kvinner og menn som blir kontakta. Men her er også fritt fram for andre som har bilde og historier frå Honndalsfotballen. Publisering på nettet byr heller ikkje problem ettersom vi har ubegrensa plass.
Fotballgruppa har eit rikt bildearkiv. Men vi ønskjer fleire som dokumenterer aktiviteten. Kanskje her er bygdefolk, personar frå nabobygdene/andre lag som har bilde? Adressa er edvin@grothaug.as
Målsetjinga med dette prosjektet er å få fram BREIDDA i klubbben sin aktivitet gjennom 100 år. På dette feltet er våre store stjerner og «bakkemannskapet» like viktige!
Ser fram til å presentere gode saker om Honndalsfotballen som gjennom 100 år har betydd så mykje for bygda og lokalsamfunnet. Artiklane vil bli publisert fortløpande på heimesida: hornindal-fotball.no og Facebook: Bilder og historier frå Honndalsfotballen.