Endre Hatlelid markerte seg tidleg eit talent utanom det vanlege. Vart teken ut på kretslag. Debuterte som 16-åring på A-laget i 1970 – og var tre-fire etterfygjande sesongar ein av nøkkelspelarane på laget.

Framme frå venstre: Arild Seljeset, Magnar Lødemel, Ola Rygg, Endre Hatlelid, Torstein Haugen og Njål Lødemel
-Ditt beste minne og ting du aldri gløymer frå tida i klubben?
Kampen om opprykk til 4. divisjon inne på Fura i 1971. Litt av ein batalje som enda med protest og omkamp i Stryn der vi vann 5-0 over Haugen. Men gløymer aldri det som skjedde inne på Fura, der både publikum og spelarar hivde seg med i kampen på ulikt vis…

-Andre ting du har lyst å fortelje frå di fotballkarriere?
Deltok på ulike kretssamlingar og fekk representere Honndalen som junior på kretslaget mot Ny Kronborg i Bergen. Seinare spelte eg på eit Nordfjordlag mot 1.divisjonslag på treningssamling på Eid.

Frå venstre: Endre Hatlelid, Jon “Skyggen” Lillestøl (dommarlegende og Honndalsvenn som dømde Honndalscupen i over 30 år) og VRF sin kaptein Einar Fet. Foto: Sunnmørsposten
-Din beste medspelar i honndalsdrakt? Ottar Lødemel ragar høgt.
-Person i klubben du set ekstra høgt?
For meg som spelte mest i forsvar, var Magnar Lødemel ein solid og god medspelar. Det var vi som måtte rydda unna i “kritiske” situasjonar.
Elles sette eg stor pris på dei mange faste ” teskodarane” . Å høyre både ris og ros frå sidelinja, skjerpa oss ute på bana.
-Kva har Honndalsfotballen betydd for deg ?
Fellesskap, eldsjeler som har lagt ned tusenvis av dugnadstimar og glede i det å få vere med på fotball både med oppturar og nedturar. Som kan samlast i orda lagidrett med idrettsglede .