Jamn kamp for damene, men dessverre tap. Herrane vann i Hyen!!

Damelaget tapte i kveld 2-1 mot MTG. Gjestane var det beste laget i fyrste omgong, men i andre omgong heva Honndalsdamene seg og med litt betre uttelling på sjansane kunne det blitt poeng i kampen. MTG gjekk opp i leiinga 0-1 etter ca. 25 min spel. Dette var også stillinga til pause. Mathilde Muldsvor Årvik sørgar for 1-1 når ho scora sitt fyrste seniormål 8 min ut i 2 omg. MTG scorar 2-1 etter 60 min og dette blir også sluttresultatet. Etter nokre tunge kampar er dette eit stort steg i rett retning for damene.

Mathilde Muldsvor Årvik scora damelaget sitt mål i dag.


Herrelaget vann i kveld 3-2 borte mot Hyen. Dette er faktisk det fjerde gong denne sesongen dei vinn 3-2 på bortebane. Ein sterk trend som vi vonar held fram!
På Hyen Sentralidrettsanlegg var kampen berre 3 min gamal når Trym Helset sende HIL i føringa. Honndalskarane er ikkje lenge i paradis for Hyen utliknar 2 min seinare.
Mathias Espe Lødøen sørgar for 2-1 leiing til pause når han scora på straffe. Etter 72 min sørgar Emil Haugen for 3-1 leiing. Hyen reduserar til 3-2 ca. 10 min før slutt. Keeper Andreas Sollid reddar ei straffe so alt i alt ein deilig bortesiger i Hyen.

Andreas Sollid redda straffespark!!


Glade gutter etter kampslutt!! Bak frå venstre: Gunnar, Oliver, Jakob, Cato, Arian, Emil, Ådne, Andreas og Hans. Framme frå venstre: Aksel, Mathias, Trym, Endre, Truls-David og Frei.


Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball