Damelaget vann i kveld 6-0 over Hareid. Ein fortent siger, og mykje fint spel av heimelaget. Det var aldri tvil om at det skulle bli heimesiger, og ut i frå spel og sjansar kunne sigeren vore større. Hareid gav aldri opp, og hadde nokre sjansar til å pynte på resultatet, men eit godt forsvar og ei flott redning frå Anne Marte Leine-Dimmen (keeper i 2.omg.) sørga for at HIL helt nullen.
Kampfakta:
Hornindal – Hareid 6-0 (2-0)
Målscorarar: Iselin Oppheim (2 mål), Evelina Sætren, Gunn Ringheim, Julie Haugen og Sunniva Leivdal eitt mål kvar.
