Heimekamp for damelaget, borte mot Stryn for herrane

Denne veka spelar damelaget heimekamp mot Hareid. Kampen går på Hornindal stadion tysdag 5 mai med avspark kl. 18.30. Dette er damelaget sin andre kamp for sesongen. Dei starta som kjent med siger borte mot Sykkylven.

Herrelaget sin kamp denne veka er fredag borte mot Stryn 2. Denne kampen startar kl.19.00 på Stryn Stadion. Herrelaget står med 1 siger og 2 tap etter 3 kampar. Sist veke vart det eit surt tap mot Stadlandet. HIL leia kampen 2-0, men tapte til slutt 2-3.Vinnarmålet til Stadlandet kom rett før kampslutt. Håkon Moen og Emil Haugen scora HIL sine mål.


Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball