Damelaget vann bortekampen mot Skodje 4-2. Kampen opna med 4 mål i løpet av dei fyrste 11 minutta. HIL gjekk opp i 2-0 leiing etter mål av Sunniva Leivdal og Iselin Yri Oppheim. Deretter putta Skodje 2 mål. Rett før pause scora Sunniva Leivdal sitt andre mål, og dermed vart stillinga til pause 3-2 til HIL. I andre omgong scora Malin Ytrebø Storvik og sikra årets fyrste 3-poengar for HIL. Trenar Lars Alv Haugen seier i ein kort kommentar at laget tok ein fortent siger. Jentene spelte ein solid kamp, og sigeren var aldri trua.
Kampfakta:
Skodje – Hornindal 2-4 (2-3)
0-1 Sunniva Alfine Leivdal 1 min
0-2 Iselin Yri Oppheim 8 min
1-2 Celina Nes 9 min
2-2 Eline Helle Steinnes 11 min
2-3 Sunniva Alfine Leivdal 43 min
2-4 Malin Kristin Ytrebø Storevik 80 min
Dagens målscorarar f.v: Malin, Sunniva og Iselin.
HIL sitt lag:
Anne Marte Leine-Dimmen
Siri Oline Lillestøl
Lena Underhaug
Annette Lillestøl
Ina Malen Nygård Leite
Iselin Yri Oppheim
Evlina Sætren
Julie Haugen
Sunniva Alfine Leivdal
Innbyttarar:
Malin Kristin Ytrebø Storevik
Sofie Høgalmen Støverstein
Malin Grothaug Myklebust
Laura Haugen
Hanne Annestad Moltumyr
Fredrika Lødemel Sægrov