I morgon (mandag 15 mai) spelar herrelaget bortekamp mot Selje på Selje stadion. Selje skulle eigentleg spele i 5 divisjon i år, men rett før årets seriestart kom beskjeden om at dei trekte laget frå 5 divisjon, og heller satsa på spel i 6 divisjon. Sett ut i frå resultata så langt i sesongen ser det ut til å vere ei god beslutning. Uansett for oss blir dette ein svært tøff kamp mot eit godt Seljelag. Vi har ein del forfall, og karantene på Martin Aaland som fekk raudt kort (2 gule) mot Hyen. Dermed blir det ei solid utfording å møte Selje i morgon.
Som ein kuriositet kan vi nemne at Hornindal sin største bortesiger mot Selje kom i 1939. Hornindal vann kampen heile 14-2. Kampen var spelt i B-serien som det heitte den gong.