Torsdag spela damelaget heimekamp mot Hasundgot. Kampen var ein 9-ar kamp. Hornindal hadde ein solid tropp med 16 spelarar tilgjengeleg. Kampen er spelemessig årsbeste sjølv om ein tapar klart 2-6 til slutt. Mykje bra spel og samhandling. Sett vekk frå resultat er dette noko ein må byggje vidare på i kampane som kjem!
Kampfakta: Hornindal – Hasundgot 2-6 (2-3)
Publikum ca. 50
Dommar: Birger Breivik, Volda
1-0 Siri Oline Lillestøl (18. min)
1-1 Emilie Bjørdal Hasund (23. min)
1-2 Andrea Skaar Berg (27. min)
2-2 Siri Oline Lillestøl (38. min)
2-3 Camilla Torine Meinseth (45. min)
2-4 Andrea Skaar Berg (56. min)
2-5 Emilie Bjørdal Hasund (79. min)
2-6 Elida Overå (90. min)