Jenter 13/14 bortekamp mot Svelgen

Tirsdag 2 mai starta sesongen for Jenter 13/14 med bortekamp. Turen gjekk til Svelgen, med god stemning som alltid når ein skal på tur. HIL reiste med 10 spelarar, men så lenge ein har ein innbyttar, går det som regel bra. Første omgang var ganske rotete, og til tider var ballen meir i lufta en på bakken. Mot slutten av omgangen vart det utført nokon svært gode detaljar på midtbana, som resulterte i pasning framover, der Ivrine tok med seg ballen og banka inn 0-1 til HIL. I pausa vart det smoothie og frukt, samt ein “hårfønar” samtale frå Mr. Trenar 🙂 Andre omgang var mykje betre, og vi fekk til godt spel på begge sider. Hadde mange gode sjansar til å skore, men Svelgen hadde ein veldig god målvakt som redda mange skot. Utover i omgangen fekk vi putta på 0-2 ved Malin Muldsvor. Trur jentene følte ein periode at dei hadde god kontroll, og dei turte meir etter kvar. Våre kantspelarar Emine Norevik Espe og Ivrine Tronstad Grodås fikk bruke fart frammover på kvar sin kant, og hadde gode skot og innlegg som seinare i sesongen kjem til å ende med mål. Sluttresultatet vart 0-3 då Malin fikk skore etter ein retur frå keeper. Alt i alt ein OK start for jentene, men ein vil nok møte tøffare motstand utover i sesongen.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball