Både herre og damelaget tapte kampane sine i går.
Damelaget fekk det tøft mot dei rutinerte serieleiarane Sula/Langevåg. Dei fyrste 20 min. var HIL heilt på høgde og Iselin Yri Oppheim sende HIL i leiinga etter 13 min. Frå 20 og inn var serieleiaren best og vann kampen fortent.
Herrelaget tapte 3-2 mot Eid 2 i ein batalje av ein kamp. Eit hav av gule kort. Usikker på om alle korta som vart delt ut vart registrert, men 10 gule kort vart det vertfall registrert.
Til pause leda HIL 2-1. Etter mål av Aksel Sollid Seljeset og Emil Haugen. Sigeren til Eid sat langt inne. Keeperspel i VM-klasse frå Frei Flo Tonning gjorde at vi i publikum håpte på poeng til heimelaget. Dessverre scora Eid vinnarmålet 6-7 min på overtid.
No er det sommarferie for damelaget, herrelaget har 2 kampar til før ferien.