Solid heimekamp av damelaget

Damelaget spelte i kveld siste kampen i vårsesongen. Damene ga full gass frå start og rulla opp det eine angrepet etter det andre. Ingeborg Sætren sende HIL i føringa etter 8 min spel. Deretter dobla vi når Julie Haugen sende oss opp i 2-0. 3-0 scora Iselin Oppheim direkte frå corner. Deretter scora Ingeborg Sætren 3 mål i løpet av 5 min (35 min, 37 min og 40 min.) og dermed går HIL til pause med leiinga 6-0.
Etter pausen fortsette HIL trykket mot Hareidmålet, men det blir ikkje mål før Emine Espe i det 58 min scorar på eit flott langskot, og stillinga er 7-0 og dette blir også sluttresultatet.

Målscorarane frå venstre: Iselin, Emine, Ingeborg og Julie


Kampfakta:
Hornindal – Hareid 7-0 (6-0)
1-0 Ingeborg Sætren 8 min
2-0 Julie Haugen 16 min
3-0 Iselin Oppheim 27 min
4-0 Ingeborg Sætren 35 min
5-0 Ingeborg Sætren 37 min
6-0 Ingeborg Sætren 40 min
7-0 Emine Espe 58 min
Kort: Ingen
Publikum ca. 50
Dommar: Marius Urke, Ørsta IL
AD 1: Anette Selimovic Volstad, Spjelkavik IL
AD 2: Birger Elias Breivik, Volda

HIL sitt lag
Susann Gausemel
Evelina Sætren
Adele Oppheim
Sofie Støverstein
Annette Lillestøl
Ingeborg Sætren
Iselin Oppheim
Emine Espe
Malin Muldsvor
Mathea Haugen
Julie Haugen

Innbyttarar:
Elisebet Lødemel
Tonje Støverstein
Mathilde Årvik
Ivrine Grodås
Gunn Ringheim

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball