Komande veke møter herrelaget Stadlandet på bortebane (3 juni) og damelaget møter Hasundsgot på heimebane (5 juni). To tøffe motstandarar for våre lag. Stadlandet på bortebane har alltid vore tøff. Sist heimekamp vann Stadlandet med sterke 5-2 mot Måløy 2. For HIL sin del har vi 3 strake bortesigrar så vi er i en god flyt på bortebane og håpar trenden held fram sjølv om vi ser veit det blir en meget tøff kamp.

Hasundgot er eit av topplaga i avdelinga til damelaget. Dei har spela 3 kampar til no i år og dei har vunne alle. Det er utan tvil eit godt lag som gjestar Hornindal stadion komande torsdag.
Likevel skal vi vere vanskelege å slå på heimebane så vi håpar på ein jamn og spennande kamp!
Møt opp å støtt damene i kampen om viktige poeng! Som vanleg gratis inngong og open kiosk.