Stor deltaking på klubbdommarkurs!

Sist veke arrangerte vi klubbdommarkurs for spelarane våre som er fødd i 2010 og 2011. Heile 16 deltakarar stilte på og gjennomførte kurset! Tusen takk!
Den rutinerte dommaren Yngve Håkonsen var kursleiar, og deltakarane fekk gode skussmål frå Yngve. Bakgrunnen for kurset er at denne gjengen på sikt skal dømme mange aldersbestemte kampar. Nokre er allereide i gong, medan den store elddåpen for dei fleste skjer når vi er arrangør av kongleriketurnering søndag 15 juni.

Frå venstre: Mathilde Kobberstad, Susanne Årvik, Emma Grothaug, Matrhilde Årvik, Emine Espe, Adele Oppheim, Kristoffer Hundeide, Vilde Muldsvor, Oskar Tomasgard, Ivrine Grodås, Sigve Hjellbakk, Axel Hauge, Aslak Brendefur, Simon Haugen, Martin Lillestøl, Kristian Lillestøl og kursleiar Yngve Håkonsen.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball