Herrelaget vann i kveld (tysdag 13 mai) 2-1 borte mot Selje.
Rasmus Bø vart kampens store spelar og scora begge måla våre.

Stillinga til pause var 1-1. Rasmus Bø sende HIL i føringa 1-0.
2-1 målet kom på straffe.
Coach Espe om kampen:
Vi frykta litt Selje og gjekk ut litt annleis enn vanleg. Vi registrerte at Selje hadde scora mykje mål før dagens kamp. Gjekk ut i 4-4-1-1.
Vi måtte gjere eit tidleg bytte pga. skade, Arian ut og Joachim Gausemel gjer comeback etter 12 år vekke frå Honndalsdrakta.

Selje hadde medvind i 1omg. Den brukte dei godt, men fekk ikkje mål.
Etter ca. 20 min fekk HIL sitt fyrste mål. Emil Abrahamsen skyt, keeper reddar og Rasmus Bø er frampå og scorar eit flott mål på ein retur som ikkje var ferdig scora.
Selje kjem etter dette meir med i kampen. Dei er farleg på dødballar og er farleg frampå, men Johan har i denne perioden nokre solide redningar.
Vi brukte pausen godt, og hadde ein god pause prat.
I 2 omgong har vi medvind og skapar fleire sjansar.
Heilt på slutten av kampen (ca. 88 min.) får HIL straffe. Straffa set Rasmus Bø sikkert i mål.
God kontroll på kampen i slutt minutta og heimturen går lett som en plett!

Kampfakta:
Selje – Hornindal 1-2 (1-1)
0-1 Rasmus Bø 23 min
1-1 Oliver Kupen Skårbø 31 min
1-2 Rasmus Bø, straffe 88 min
Dommar: Håkon Rundereim, Skavøypoll
Ass.dommar 1: Balder Olai Birknes, Måløy FK
Ass. dommar 2: Aslak Hermund Bibby, Måløy FK
Gule kort:
Emil Haugen, Emil Abrahamsen, Jakob Leite og Joachim Gausemel og 2 til Selje.
HIL sitt lag:
Johan Solberg
Arian Rødvik
Jakob Leite
Emil Abrahamsen
Emil Haugen
Olander Espe
Dan Phillip Torvik
Martin Aaland
Rasmus Bø
Ådne Staxrud
Mathias Lødøen
Innbyttarar
Martin Alnes
Joachim Gausemel
Truls Tytingvåg