Før sesongen: herrelaget

Herrelaget har lagt bak seg ei positiv sesongoppkøyring. 3 treningskampar er spelt og fasiten viser eit knepe 3-4 tap mot Hovdebygda og siger 3-1 over både Åmdal og Sæbø.

Bak frå venstre: Emil Abrahamsen, Håkon Moen, Tarjei Heimlid, Emil Haugen, Arian Rødvik, Olander Espe, Martin Aaland, Askel Seljeset, Arnt Olav Jåstad og Martin Alnes.
Framme frå venstre: Mathias Langeland, Rasmus Bø, Johan Solberg, Emil Aaning, Jakob Leite, Sebastian Aklestad, Mathias Lødøen og Dan Phillip Torvik. Foto: Coach Espe

Årets sesongoppkøyring var knapt komen i gong før Dagmund Evebø vart henta som ny hovudtrenar for 4. divisjonsklubben Hareid og dermed kom vi litt skeivt ut frå start.

Heldigvis måtte vi ikkje langt for å finne ein ny trenar som kunne gå inn i trenarteamet rundt herrelaget i lag med Gunnar Grodås. Svein Otto Espe tok utfordringa om å “hoppe etter Wirkola”, og denne utfordringa har han løyst på på strak arm! Han og har kome inn med positivitet og eit solid engasjement, og spelargruppa har respondert bra! Prestasjonane og resultata i treningskampane har vore oppløftande, og stemninga i laget er god. Dette lova godt før ein ny sesong!

Trenarduoen Gunnar Grodås og Svein Otto Espe.


No håpar vi at den gode trenden frå treningskampane held fram når alvoret startar tysdag 29 april mot Måløy 2. Herrane skal spele 14 kampar i årets serie og avsluttar med bortekamp mot Loen tysdag 30 september.

Coach Espe seier dette om oppkøyringa og den føreståande sesongen:
Oppkøyring til årets sesong har vore veldig bra. Vi har kunne trena ute stort sett heile tida grunna snømangel, og har fått spele på stor bane mykje grunna godt oppmøte på treningane. Vi har greitt å få til 4 treningskampar mot lag som spelar på Sunnmøre, og i alle kampane har vi hatt ein solid tropp, og alle spelarar har vist at formen er bra.

Ambisjonane før seriestart har vore å kunne spreie fotballglede, for å spele fotball i 6-divisjon skal og må vere veldig kjekt. Når det ein held på med er kjekt, medfører det etter kvart også at ein ynskjer og vil noko. Dette laget har gjennom treningskampane vist at dei vil, og dei har heilt klart fått til også. Har også ein tanke om at formen til spelarane er rimeleg god, så er veldig spent på korleis dette vil gå. Eg trur at Hornindal bli å sjå på topp 3. Trur det blir mange tøffe motstandarar også denne sesongen, men kanskje Selje blir ei nøtt.

Trenarar: Svein Otto Espe og Gunnar Grodås

Spelarstallen
Johan August Ihle Hansen Solberg
Arian Skaug Rødvik
Emil Haugen
Emil Oskar Abrahamsen
Emil Aaning
Aksel Sollid Seljeset
Martin Aaland
Oscar Guddal
Olander Norevik Espe
Tarjei Heimlid
Sebastian Aklestad
Jakob Leite
Arnt Olav Jåstad
Andreas Sollid (militæret til sommaren)
Håkon Moen
Dan-Phillip Torvik
Verner Myklebust
Mathias Langeland
Ådne Staxrud
Ådne Tenden
Geir Blålid
Martin Grodås Alnes
Mathias Lødøen
Rasmus Bø
Rasmus Hopland
Sander Haugen
Eirik Tvinnereim
Elias Helset
Henry Høydal
Trym Helset
Runar Heimlid
Kristoffer Hatlestad Arnes

Ny spelarar inn før årets sesong er:
Sebastian Aklestad – Haddal
Oskar Guddal – Stryn
Tarjei Heimlid – Stryn
Jakob Leite Høydal – Volda
Emil Aaning – Stryn
Ådne Tenden – Stryn
Ådne Staxrud – Hovdebygda
Geir Blålid – Oslo Studentenes idrettsklubb
Trym Helset – Sunnylven
Runar Heimlid – Stryn

Spelarar ut:
Lukas Olai Lødemel (utlån Stryn til 01.07.25)
Eskil Seljeset (Baune)
Paul Edwin Stærk
Fredrik Svarstad
Trygve Myrold
Chrisander Øen


Terminlista for herrelaget ser slik ut:




Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball