OTTAR LØDEMEL – EIN BAUTA I HONNDALSFOTBALLEN

Gjennom to tiår var Ottar Lødemel èin av Honndalsfotballen sine aller beste spelarar. Med sin unike spenst, fart og teknikk hadde han alt som skulle til for å hevde seg på eit mykje høgare nivå. Men trass i fleire tilbod, spelte han heile karriera for moderklubben. Èin bauta og klubblegende som også fekk ei stor hoppkarriere.

1979 – Ottar Lødemel

     Ottar tilhøyrer det store 1946-kullet, der mange av jamaldringane spelte fotball. 16 år gamal debuterte han på Hornindal sitt nystarta juniorlag. Seinare blei det mange hundre A-lagskamper i 5.divisjon og to sesongar i  4. divisjon (noverande Kretsligaen).

1976 – Hornindal vinnar av Honndalscupen etter 3-1 i finalen mot Fart. Over 500 tilskodarar såg finalen.
Bak frå venstre. Ottar Lødemel, Njål Lødemel, Robin Grodås, Rune Hatlelid, Ståle Hatlelid og Bottolf Grodås.
Framme frå venstre: Lars Dybevold, Magnar Lødemel, Geir Haugen, Arild Seljeset og Nils Haugen. Fotoeigar: Lars Lunde.

     -Opprykket i 1971 er det eg hugsar best. Det såg mørkt ut då vi låg an til å tape mot Haugen inne på Fura. Etter innlagt protest vart det beramma omkamp i Stryn, der vi vann 5-0 etter fire scoringar av Håkon Raftevold. Sesongen enda med KM-tittel og opprykk etter 1-0 siger over Førde på bortebane i den avgjerande kampen. Det var litt av èin jubeldag, minnest Ottar.

       På dette tidspunktet hadde Honndalen sin midtbanejuvel blitt lagt merke til av klubbar på høgre nivå. Sverre Heggen let seg imponere då han trena laget. «På Eid har vi plass til Ottar Lødemel», slo han fast. Seinare kom det andre førespurnader. Men utan respons frå hovudpersonen. 

1977 – Ottar (t.v.) i duell med ein Akslaspelar under Honndalscupen. Foto: Fjordingen

    I dagens fotball der spelarar skiftar klubb raskare enn raskt, er det vanskeleg å forstå at Ottar med sitt talent vart verande i moderklubben.

    -Kva var drivkrafta for å halde fram som honndalsspelar i alle desse åra?

-Eg var heile tida del av ein samansveisa gjeng kameratar. Vi hadde ei enorm klubbkjensle. Den kom godt fram i Honndalscupen mot gode motstandarar. Å vinne med eit halvt tusen honndalspatriotar rundt bana, var høgtid, fortel Ottar som i denne årlege turneringa fekk med seg bestemannspremien.

Ottar Lødemel (t.v) får utdelt bestemannsprisen av Magnar Holvik under Honndalscupen i 1976.
Det var fyrste gong i Honndalscupen si historie at bestemannsprisen vart utdelt. Foto: Fjordingen

      -Medspelarar som du set ekstra høgt?

-Det er nesten uråd å trekke fram enkeltpersonar når du har spelt saman med så mange gode lagkameratar. Men det er klart at bror Magnar betydde mykje, spesielt den første tida. I startfasen hadde eg også stor glede av samspel med Reidar Lunde. Seinare kom det til ei lang rekkje av yngre spelarar som imponerte. Dersom eg skal ta fram eit namn, må det bli Ståle Hatlelid. Èin fantastisk klubbkamerat.

1978 – på veg til bortekamp. F.v. Knut Salamonsen, Ottar Lødemel og Bottolv Grodås.
Fotoeigar: Elisabeth Grodås Kroken.

       -Honndalsfotballen har betydd mykje for deg?

-Ja, og mitt store ønskje er at mange får oppleve same gleda av å tilhøyre èin samansveisa gjeng med stort engasjement og klubbkjensle!

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball