Per Øen ein solid spelar både som utespelar og keeper. Han var spesielt kjent for å vere sterk i lufta. Per spela fotball for Hornindal i perioden frå 1973 til 1985.


Mi første fotballoppleving var som 6-åring, på 17.-Mai 1964. På Sindre var det kamp mellom strikane og dei vaksne karane. Eg tenkte at det skulle ha vore kjekt å delta på noke slikt.
Eg fekk sjangsen mange år seinare. Scora 4 mål på vaksnekarane. Var helt den dagen.
Eg byrja i 1.-klasse på Lødemel skule i august 1965. Det var alltid fotball i friminutta. Mikkal Rygg var lærar i 4.-klasse som gjekk same dagane so vi, og han var veldig fotballinteressert.
Då eg var 11-12 år fekk eg vere med på fotballtrening på Sindre saman med dei store «gutta», Ståle og Endre Hatlelid, Lars Dybevold m. fl.
Eg starta på gutelaget i 1973. Vi hadde eit veldig godt lag med 57-modellane og oss, fødd i 1958. På den tid var det vanleg (iallfall for oss i Kjøsapoljen) å få seg nye sko til 17.-Mai. Tøysko fyste tida, seinare det dei kalla Viking Proff med knotta, og polstring på åkle. I sjette-klasse kjøpte eg meg (det var fortsatt foreldra som betalte) nokre skinnsko. Men på klassetur med Knut Rødvik på Gulekoppen, vart dei ijånåvåte, og etter det var dei ikkje gode lenger.
I den sesongen eg starta på gutelaget, kjøpte eg meg mine fyste (skikkelege) fotballsko. Dei var blå, og av merke «Hunt», og det skjedde hos Kåre Knevelsrud på Nordfjordeid. I ettertid har eg tenkt at eg var meir komfortabel med dei gamle skoa. Eg kjøpte meg også sokkar hos Ytre-Eide i Stryn. Ville gjerne ha raude, men det kunne eg ikkje få, for det var Stryn sin farge. So det vart kvite. Etter kvart følgde det sokkar med draktene, men dei kvite sokkane var med meg i over 30 år.
Vi vann alle kampane i vår pulje. Men i regionsfinalen på Eid stadion, mot Tornado, fekk vi stryk med 4-1 tap
Hausten 1974 starta eg på Eids gymnas, og kom i lag med fotballspelarar både frå Eid, Haugen og Måløy.
Gutelaget til Hornindal besto då stortsett av 58-modellar (Vi var 16 gutar). I heimekampen mot Tornado greidde vi å ta revansj frå året før når vi slo dei 1-0 på Hornindal stadion. Stolpa og tverrliggar fekk køyrt seg, men då eg spelte igjennom Hans Kobberstad, var sigeren et faktum.
Når eg kom på skulen etterpå, var det ingen som trudde på at vi hadde slege Tornado.

Eg gav meg med fotball etter 1983-sesongen for satse på volleyball, men hausten 1985 fekk eg ny sjef i Hornindal kraftlag, fotballinteresserte Bjørn Solum. Han vart trenar for A-laget til Hornindal, og eg vart med, i fyste rekke, som reserve-keeper for Arne Bruheim.
I Honndalscupen det året, var eg speaker på Hornindal stadion. Men på søndagen fekk eg spele andre omgong i bronsefinalen mot Sunnylven. B.K. Grodås slo eit perfekt frisparkinnlegg frå høgrekanten som eg gjekk opp på, og slo til. Eg nådde ballen i god margin før en Sunnylving, men når han kom opp so braut eg nasa. Heldigvis vart det mål.
Dette var siste fotballkampen min i Hornindalstrøya.

Men imellom 1973 og 1986 so har det festa seg nokre minner eg har lyst å dele
A-lagsdebuten min var brutal. Året var 1976. Bortekamp i Vik. Telefon på morgonen. Eg vart med. Vi tapte 6-0, trur eg. To blad Myrkaskog gjorde livet surt for midtstopparane Nils Haugen og Mathias Lunde.

I 1977 var eg med og trena. Men når sesongen nærma seg, sto vi uten keeper. Arne Bruheim var i det militære, og Geir Haugen var vekke på skule.
Det var treningskamp (som vanleg på våren) på Stranda. Eg tilbaud meg å stå i mål sidan ferdigheitene mine i volleyball kunne overførast til keeperjobben. Resultatet var at keeperplassen var min meste del av vårsesongen. Eg huskar spesielt kampen mot Måløy ute på Refvika.. Følte at eg gjorde ein god kamp, men det hjelpte lite når legenden Rolf Holme scora einaste målet i kampen.
Eg sto i mål i den litt spesielle kampen mot Eivindvik der vi vann 13-0. Slengde meg ein gong, og fekk nokre få tilbakespel. Det var på den tid keeperen kunne ta tilbakespela med hendene.
På den tid var det vanleg i 5.-div og nedover, at laga heldt kvar sin linjemann (som det heitte før likestillinga slo inn for fullt). Dei skulle følge med på motstandarlaget sitt angrep. Der huskar eg spesielt to kampar; returkampen mot Eivindvik der buss-sjåføren vår, John Grodås, gjekk linja for oss. Dei som kjende John, veit at lunta ikkje alltid var så lang. Denne dagen hadde nok stadion vore jamna med jorda om det hadde vore snakk om dynamitt.
Den andre var i Hafslo der Ola Roar ”Besen” Fannemel gjekk linja. Men dommaren brydde seg ikkje om offside-vinkinga hans så til slutt vinka Ola Roar offside på kvart angrep. Det gjorde nok godt for både «Besen» og oss andre med eit avkjølande bad i Hafslovatnet etterpå. Om det var i denne kampen, eller ein annan i Hafslo, at Magnar «Skogen» Lødemel vart skada og måtte på sykehus, huskar eg ikkje.
Av Magnar lærde eg bl. a. dette med timing i headinga på utspel og andre lange ballar.
På sommaren so kom både Geir og Arne heimatte, så då høyrde eg ikkje noke meir. Litt rart, egentleg; sia eg sto mål i vårsesongen.

Bak frå venstre: Asbjørn Kirkhorn, Bjørn Lødemel, Bottolv Grodås, Ottar Lødemel, Gunnar Grodås, Njål Lødemel, Rune Fannemel og Håkon Raftevold.
Framme frå venstre: Lars Dybevold, Lars Gausemel, Per Øen, Nils Haugen og Arild Seljeset.
Men før siste kampen i sesongen, borte mot Jølster, fekk eg telefon på morgonen om å stå i mål. Eg vart med! På grusbana på Skei heldt eg på å gjere i buksa kvar gong Jo Paulen, ei av beste angrepsspelarane i fylket nokon gong, hadde ballen utenfor 16-meteren.
Men vi vann kampen 2-1.
I 1978 var eg i det militære, men vinteren 1979 vart eg med på fotballtreningane for fullt. Huska spesielt heimekampen mot Høyang der eg score eitt av måla i 4-2 sigeren. I Høyang-buret sto Kåre Jan Mjellelid som seinare vart førstekeeper på Sogndal. Han vart også kollega med bror Einar i Sparebanken Sogn og Fjordane.
På den tid så var ikkje kommunikasjonsmuligheitene i fylket så gode som i dag. Med 4-5 Sogneturar i løpet av sesongen, så var Gaularfjellet beste mulegheit. Fast stopp i kiosken på Moskog. Og på landhandelen i Vetlefjorden som selde øl.
På ein tur hadde eg med kasetten «Eagles – greatest hits» Den gjekk på omgong mellom bilane heile turen.
Eg huskar ein kamp mot Syril i Leikanger/Hermansverk. Vi kom opp på stadion som såg veldig innbydande ut. Men når vi gjekk ut på bana før vi skifta så kjendest det ut som om grasmatta låg og flaut på gele. Og det stemde. Når vi sklitakla gjekk vi igjennom og ned i bærelaget. Skrubbsåra på knenå dreiv og væska i fleire veke etterpå. (Ein salve hadde nok gjort susen). Resultatet vart 1-1 og eg scora på volleyskot med venstra frå 16-meteren. Rett før hadde ein Syrild-spelar stempla meg på vrista, så når eg drog til med skotet, kjende eg det heilt opp i hårgarden.

Det er ikkje til å kome ifrå at det var ein del hard bilkøyring til og frå fotballkampane. Litt av skulda lyt fergefylket Sogn og Fjordane ta. På ein B-kamp i Svelgen nådde vi akkurat ferga på Stårheim. Vi bytte om under overfarten og var klar til kamp umiddelbart ved ankomst Svelgen. Rett etter at dommaren bles av kampen, heiv vi oss i bilane med mål om å nå ferga. Odd Seljeset sin Volvo Amazon var bygd for fart så han berre forsvant i det fjerne. Han nådde ferga og heldt båten igjen slik at vi også kom med. Men fe-rista i ein sving på Ålfot-eide er ikkje akkurat strategisk plassert med tanke på fart. Det følte vi som sat på i Arne Bruheim sin Opel, og dei som sat på i Stig Seljeset sin svarte Volvo. Resultatet har eg gløymt.
Eit Old boys-minne høyrer vel også med. Det var vel midt på 80-talet at vi skulle til Florø en ettermiddag. Eg køyrde bussen, men då vi kom til Stårheim i «rushtida», var det ikkje plass til oss på ferga. Dette var før mobiltelefonen var allemannseige så oppmann Rolf Kobberstad gjekk opp i eit av dei næraste husa for å ringe til Florø. Svaret var at det var berre å kome. Dei venta. Vi bytte om på ferga, men som sjåfør kunne eg naturlegvis ikkje ha på meg fotballskoa. Vi parkerte bussen rundt 100 meter frå kunstgrasbana. Eg snøra på meg skoa, og då eg kom ned på bana, var kampen i gong. Frode Langeland, legenden frå Dale sitt gode 4. div. lag på 70-talet, styrte Florø-laget, men jammen greide vi uavgjort 2-2.
På den tid var det ikkje 20-30 min. fergeavgongar så vi køyrde om Førde på heimturen. I Førde vart det ein pit-stop slik at tørste old boys-spelarar fekk oppretta væskebalansen.
Eg har også lyst å nemne eit anna fotballminne, revyane på Lønje og Bakke. Eg var konfransier i nokre år, og må tilstå at det var vanskeleg å holde maska når Rolf, Odd og Einar slo til for fullt.
Revyen i 1992 var en «høydare» sidan nokon hadde kome på at eg skulle låne paradedrakta til Per Knut Åland frå Albertville-OL der han var med i smørjeteamet. Eg vart også kjend med to sprudlande og kjekke damer frå aust om fjella, Anne Bråthen og Connie Bakke.
Kva har så fotballen betydd for meg? Mykje, vil eg seie. Sjølv om eg valde å satse på volleyball etter kvart. Eg er med i ei ekslusiv gruppe som har spela midtstoppar framfor keeper-legenden Frode Grodås. Tidlegare har eg skrive om den andre gongen eg var i Vik. Vi spelte 0-0, mykje takka vere Frode. Redninga på Per Magne Kleven sitt brassespark, samanliknar eg med Gordon Banks (England) si redning av Pelé si heading under Mexico-VM i 1970.
Eg er ein av få som har spela mot- og med Jostein Flo. Med var rett nok i volleyball. Eg har fått vore i dei fleste tettstader og avkrokar i fylket.
Etter Hornindal-karrieren heldt eg fram på Markane i Von-cupen. Eitt år fekk eg gleda av å score på «Bønen». Eg er sikkert også ein av få som har tapt ein kamp etter å ha scora 5 mål. Bronsefinale mot IL Veten. Resultatet vart 5-7!

Når det gjeld beste spelar og kven som har betydd mest for meg på fotballbana, så må det, utan forkleinelse for noken, bli Gunnar Grodås. Vi starta ilag på Lødemel skule i 1965. Han var eit forbilde i skuletida der han var førsteval ved samansetting av lag, enten det var i fotball, eller lyre med Mikkal i sistetimen. Eg var veldig komfortabel med å vere andrevalg. So eg tilgjev lett, «Gurglen» at du knabba tyskleksa mi i friminuttet for å imponere Holvikjen.
Eg tykkje også at Arne Bruheim fortener merksemd. Han sto i mål for Hornindal i mange år, men måtte ofte vike for antatt beire keeperar. Arne hadde kanskje ikkje den store rekkevidda, men som Ola Rygg så var han veldig god i en-mot-en situasjonar langs bakken.
Så kort om dommarar. På Refvika då vi spela gute- eller juniorkamp midt på 70-talet, var det ein ung, lokal gut som dømde. Han var både god og modig. Dømde fleire off-sides på Tornado. Eg har hatt gleda av å treffe han fleire gongar seinare. Namnet er Roald Halsør.
Den andre eg vil framheve, er Atle Jon Teigen frå Selje. Sjølv om han gav meg dei einaste korta i (fotball)karrieren. Ein flink dommar og særdeles hyggeleg kar. Begge korta var på Hornindal stadion. Det første var på høgresida ned mot elva, i forsvar. Litt sein i ei takling. Den andre hadde vel gjeve rødt kort i dag (kanskje skulle det vore det same då?) På eit gjennomspel der motstandar sin spiss hadde vore på blank goal, hoppa eg opp men såg at eg ikkje nådde ballen med haude so eg tok den med handa i staden.

Til slutt eit minne frå ei serieopning i 5.-div. på slutten av 70-talet. Vi skulle til Balestrand som var nyopprykka frå 6.-div. Eg var med som reservekeeper for Geir Haugen. Som vanleg hadde vi ambisjonar om å vere med i toppen av divisjonen. Troppen var vel kanskje ikkje stor, men både vi spelarane og støtteappatatet (Harald Vartdal og Ole Magnar Hessholm) hadde god sjøltillit.

Det vart sjølvsagt pitstop på buda i Vetlefjorden, men spelarane og leiinga var einige om at utan seier vart det ingen fest på heimturen (buss).
Men kampen på grusbana i Balestrand vart tøff. Heimelaget hadde ein gammal ”røv” i angrepet som gjorde livet surt for oss. I tillegg kom skadane. Eg måtte inn som utespelar. Dramatisk avslutning der vi sikra oss 1 poeng.
Eg huskar enno dei bevinga ord frå trenar Vartdal då vi kom i bussen. ”På grunn av skadar og problem i kampen so er uavgjordt so godt som seier». Vi høyrde berre eit «kor» av ølkorkar som spratt bakover i bussen. Det var også på denne turen at trenar og oppmann fekk sine legendariske tilnamn. «Vårdl» og «Docen». Trur Robin Grodås var mannen bak begge.
Takk for at eg fekk sleppe til.