Tøff siste runde!

I morgon (tysdag 15 okt.) spelar herrelaget årets siste kamp. Det blir ei tøff oppgåve å møte Stryn på bortebane. Kampen skulle opprinneleg gå sist tysdag, men vi greidde ikkje stille lag. Stryn og Kretsen var positive til å utsette og det er vi takksame for.
Likevel, kampen i morgon blir meget tøff! Eit skadeskote HIL har samla i hop rubb og stubb av det vi klara å oppdrive. Det ligg an til nokre salige comeback. Kan vi få sjå far og son på bana? Det er mange spm. kvelden før kvelden. Uansett, no handla det rett å slett om å fullføre sesongen, vi håpar det blir med stil. Lykke til karar!

1992 – heimesiger i Honndalscupen. Det STORE spørsmålet er: kor mange frå dette laget spelar kampen i morgon??

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball