Damelaget tapte i kveld ein jamnspelt kamp mot Brattvåg/Norborg/Ravn med 0-2. Til pause var stillinga 0-0. Rot i forsvaret førte bortelaget i leiinga 0-1 etter ca. 72 min. Deretter kom 0-2 rundt 80 min spelt på eit “rart” skot. Omtrent ingen på bana skjønte at det vart mål, og dommar Barlla måtte dobbeltsjekke nettveggen for å forsikre seg om at nettet var i orden før han bles for mål til bortelaget. Ut i får spel og sjansar så vinn gjestane fortent til slutt, men alt i alt er kampen eit stort steg i rett retning for damene våre. Eit stort pluss til keeper Tirill Haugen som spelte ein solid kamp i Honndalsmålet!
No står det att 4 kampar av vårsesongen og då møter vi laga som ligg rett over oss på tabellen.
Kampfakta:
Hornindal – Brattvåg/Norborg/Ravn 0-2 (0-0)
Kort: Ingen
Dommar: Barlla, Eid IL
Publikum ca. 60