Intervju v/ Harald Vartdal
I meir enn fire tiår har Ola Rygg spelt ei viktig rolle for fotballen i Hornindal: Solid keeper, leiar av fotballgruppa, trenar, oppmann, dommar og fast aktør på Fotballrevyen.
Ola si fotballkarriere starta i 1963 då Hornindal fekk sitt første gutelag i serien. Der han straks fann sin plass mellom målstengene. Etter den tid var det aldri tvil om at Ola skulle vere keeper. Debuten på A-laget skjedde på grusbana i Jølster to år seinare. Fram til og med 1981 var Ola i A-lagsstallen. -Vi hadde mange gode keeperar og nokre sesongar veksla eg mellom spel på A- og B-laget, fortel han.
Det siste vart synleggjort då Frode Grodås tok steget opp på A-laget i 1981-sesongen. Det nyopprykka 4.divisjonslaget var så godt dekka på keeperplass at landslagsspelar Frode i nokre kampar vart «henvist» til spissplass (ei oppgåve han takla med glans).
-Di største oppleving som spelar, Ola?
Kampen om KM-tittelen i Førde hausten 1971. Vi hadde allereie rykka opp til 4.divisjon og denne kampen galdt å bli beste 5.divisjonslag i Sogn og Fjordane. Det klarte vi med resultatet 1-1.
-Korleis opplevde du kampen frå keeperplass?
Som eit samanhengande stormløp gjennom 2 x 45 min.
Steinar Ringdal scora på eit langskot omtrent einaste gongen vi var over midtstreken. Elles føregjekk spelet rundt og innanfor vår 16-meter. Skota deira smal i stengene og tverrliggeren, men utruleg nok klarte vi uavgjort. Her må nemnast at vi stilte noko reserveprega ettersom opprykket allereie var i boks, m.a. let vi Endre og Ståle spele viktig handballkamp på Sandane.
-Vi snakkar her heroisk forsvarsinnsats på Førde-grusen?
Ja, innsatsen var fenomenal. Eg hugsar ein episode heilt på slutten. Førde fekk corner og Arve Espe stod ved første stolpen. Då eg hadde ballen i hendene, ropte eg at han måtte kome seg ut frå målstreken. «Eg klarer ikkje. Har krampe i begge beina», svara Arve.
-Andre opplevingar du aldri gløymer?
Vi hadde ein 4.divisjonskamp i Lærdal som enda med at eg måtte innom sjukehuset med fingerskade. Kampen bar preg av ei spesiell stemning på grunn av at ein lærdøl hadde brote beinet i Honndalen, og der vi vart skulda for stygt spel. På Lærdal stadion kom det til ein situasjon i det eg skulle ta eit innlegg, rykka ut og fanga ballen. Med ballen i hendene vart eg sparka så hardt at tommelen rauk. Liggjande hardt skadd fekk eg med meg at publikum ropte «revansj for beinbrotet i Hornindal».
Ei trist og uhyggelig oppleving.
Kan også nemne ein 4. divisjonskamp i Høyang då vi låg an til å ta vår første siger i 4.divisjon. 20 min. før slutt bles dommaren av kampen på grunn av vatn på koksgrubana. Vi peika på at forholda var dei same som ved kampstart, men dommar og heimelaget var av anna oppfatning. I omkampen som enda uavgjort, var bana like dårleg. Frå den kampen hugsar eg at Lars Dybevold fekk skrapa opp låret – koksmerket gjekk aldri vekk.
-Din beste medspelar i honndalsdrakt?
Steinar Ringdal. Han var veldig god og førstemann med brassespark på Fura. Steinar hadde eit stort repertoar og tilførte oss mykje på og utanfor bana.
-Det går framleis gjetord om ein viss ferjetur med Steinar i hovudrolla?
Du siktar til den berømmelege turen til Årdal i 1972. Vi hadde bestemt oss for å køyre Fagernes og Filefjell til kampen mot Årdalstangen. På veg ned frå Tyin var det ei slaghole der vi fekk øydelagt tre felgar og anna skade på bilane. På Steinar sin Fiat rauk 1. gearet. Det resulterte i at då han skulle ut av ferja på Kaupanger, måtte løyse på høgare gear og gje full gass for å kome på land. Tidenes ilandkøyring på norske ferjekaier…
-Ola Rygg var også ein av våre mest brukte dommarar. Dømde massevis av aldersbestemte kampar i Honndalen, men også ei rekkje seniorkampar i kretsen.
Ein gong måtte eg steppe inn for å dømme 4. divisjon på Eid. Elles vart det kampar i 5. og 6. divisjon. Likte eigentleg best å vere linjedommar, opp til og med 3.divisjon, fortel han.
-Både som aktiv og mange år seinare hadde Ola leiande roller i klubben. Som trenar/leiar opplevde han store ting under Sandefjordturneringa 1994 – der Hornindal vann dobbelsiger i småjenteklassen.
Vi vart av arrangøren oppmoda til å stille 11-arlag. Det klarte vi ved å låne to strynejenter, slik at vi reiste ned med 14 spelarar. Men då det melde seg for få 11-arlag, blei vi i staden oppfordra til å stille to 7-arlag. Eg sa ja under føresetnad at vi kunne ha ein reserve frå det andre laget. Noko arrangøren forstod og aksepterte fullt ut. Dette måtte vi gjere då keeper Pernille Raftevold skada seg i ein innleiande kamp.
Det heile enda med at våre to lag kom til finalen! Men då var det eit av dei andre laga som protesterte på grunn av at ein av våre spelarar hadde spelt på begge laga. Vi synte til avtalen med arrangøren og protesten vart avvist. Dermed 1. og 2. plass til våre to lag.
Honndalscupen var i mange år den store inntektskjelde til fotballgruppa. Dansefestane i Dølheim samla eit stort publikum – ofte 600-700 på ein kveld. Problemet var at mange køyrde inn på festplassen utan å løyse billett.
Dette ordna seg då vi fekk løyve til å ta billettar ved fylkesvegen. Alle spelarar og andre fotballgruppa passa då på at ingen slapp inn utan å betale billett. Både for fotballgruppa og bygda var cupkampene og festene store høgdepunkt.
-Person i Honndalsfotballen du set ekstra høgt?
Rasmus Øen. Han var formann i idrettslaget og styrte med alt. Rasmus fekk starta første gutelaget i 1963, noko som la eit godt grunnlag for fotballen i Honndalen.
-Kva har fotballen betydd for Ola Rygg?
Samhald og trivsel – på og utanfor bana. Sjølv om fotballen har teke mykje tid og sikkert gått ut over andre ting, føler eg at det har vore ein viktig del av livet mitt. Har veldig mange gode minne.
-Ditt ønskje for Honndalsfotballen i framtida?
At det blir eit godt tilbod for alle som vil spele fotballen. Likeeins at vaksenfotballen kan nå nye høgder. Det vil glede eit fotballhjerte.