Jan Rune Oppheim har gått gradene i Honndalsfotballen sidan miniputt/lilleputt, der Magnar Holvik og Nils Haugen var dyktige trenarar. Spelte på A-laget frå 1995 til 2009/2010 – og har også stilt sporty opp seinare ved behov, seinast i 2023 sesongen.
-Ditt beste fotballminne?
2-3 sigeren over førstelaget til Florø på Florø stadion i 4 div. i 2006 var fantastisk. Trur det var einaste tapet deira den sesongen. Då hadde vi et veldig godt lag. Same sesongen berga vi også plassen med 4-3 siger borte mot Årdal FK, etter å ha lege under 3-0 til pause.
-Hending du aldri gløymer?
Det må vere opprykksfesten i 2005 😊
-Din beste medspelar?
Det må vere Morten Taraldset. For en spelar!
-Personar i klubben du set ekstra høgt?
Der er mange som har betydd mykje, men Steinar Bakka og Gunnar Grodås var veldig sentrale i den tida eg var aktiv på seniornivå.
-Kva har Honndalsfotballen betydd for deg?
Veldig mykje. Fotballen har gitt meg mange flotte minne og opplevingar, og ikkje minst mange gode vennskap. Det å få oppleve opp og nedturar, vinne og tape som ein del av eit lag og ein kameratgjeng, det skulle eg ønske alle kunne få oppleve. Det er erfaringar for livet.