– Når spelte du for Hornindal fotball?
Eg starta på fotball når jentefotballen starta i Honndalen i 1983 og spelte til 1988. Då hadde eg nokre år pause for å satse på volleyball. Så kom eg tilbake på damelaget frå 1991 til 1993.

for HIL: Liv Merete Kroken, Åse Støverstein og Britt Åslaug Tomasgard.
Framme målscorar for Loen: Anne Kristin Farstad. Foto: Inge Fænn, Fjordingen.
-Beste fotballminne frå tida i klubben?
Det var alltid kjekt å trene saman med gjengen, og reise på kampar gjennom sesongen. I starten tapte vi ofte tosifra fordi vi spelte mot lag med eldre spelarar. Derfor var det ein stor opptur med seier i småpikeklassen på Sunnmørscup i 1984 då vi vann 1-0 i finalen mot Ravn etter ekstraomgongar.
-Hending eg aldri gløymer
Ein kamp eg hugsar spesielt godt var på Stadlandet i 1984.Som ein rask vingspelar skapte eg problem for ein Statsar ,som stadig var ute med krokfoten som einaste s i ermet. Slikt skittent spel kunne eg ikkje fordra. Mens eg låg nede, tok eg ein neve med grus og heiv i ansiktet hennar. Det resulterte i gult kort. Når eg kom heim fortalte eg fattern hendinga. Han smilte lurt, og sa at det skulle berre mangle. I ettertid ser eg at dette korkje var fair play eller god spelemoral.
-Andre ting du har lyst å fortelle frå di fotballkarriere
Det var og fine minne frå Norway cup i 1986 og 1991. I juniordameklassen i 1991 vart vi puljevinnarar med ein målforskjell på 21-2. 16 dels finalen blei spelt mot Clausenengen. Etter ein jamn og intens kamp trakk Clausenengen det lengste strået etter straffekonkurranse. Det var ei veldig kjekke veke i Oslo med godt spel og mykje mål,gode venner, overnatting på klasserom, matservering i Ekeberghallen, ein engasjert heiagjeng, fint verog god stemning.

-Din beste medspelar i Honndalsdrakta?
Gjennom mi fotballkarriere i Honndalsdrakta, har eg hatt mange gode medspelarar. Eg vil trekke fram lagmoralen og samhaldet i gjengen. Saman skapte vi gode minne i både serien, på cupar, samt i sosiale settingar som Fotballrevyen. Å vere ein del av eit slikt fellesskap er noko eg unner alle å oppleve.
– Person i klubben du set ekstra høgt?
Den første eg tenker på er Sigurd Salvesson som sparka i gong det heile som første trenar. Han var ein trygg og engasjert trenar som bidrog for laget.Teamet som bestod av trenar Ole Magnar Hessholm og oppmann Odd Løvlid for damelaget leia laget stødig,stilte alltid opp og skapte god stemning. Anders Støverstein gjorde og ein formidabel jobb som buss sjåfør.Trenarar og oppmenn opp gjennom karriera og alle som har stilte opp som heiagjeng på kampar er andre eg også verdsetter.

-Kva har Hornindal fotball betydd for deg?
Hornindal fotball har vore viktig for meg i oppveksten både fordi eg har hatt stor glede av treninga, men også det sosiale samhaldet.