Rune Haugen starta med aldersbestemt, lilleputt til juniorlag i Hornindal. Spelte på A-laget frå 85/86 til 92. Var på Eid i 93 og 94. Spelte halve sesongen på Honndalen i 95 før flytting til Bergen, der han spelte på 3.divisjonslaget Nymark i 1996-sesongen.
-Beste minne frå tida som honndalsspelar?
Opprykket til 4.divisjon i 1988 og den avgjerande heimekampen mot Sandane. Gamlebana var våt og full av vassdammar. Hadde dugnad for å få bana klar til spel. Ove Bruheim kom med møkkavogn og sugde opp dei verste dammane. Bana vart speleklar. Vi vann 3-1 og sikra opprykk. Tapte kampen om KM-tittelen helga etterpå. Vi tapte 1-2 inn i Kaupanger, medan Sandane hadde kalasseier. Trur dei var føre oss med 1 mål.
-Hending du aldri gløymer?
Vart boksa ned av vår solide sisteskanse Edvin Brendefur. Begge kom vi stormande mot ballen nesten heilt ute på 16-meteren. Edvin boksa og eg heada. Eg tapte den duellen .
Ein annan episode fann stad på grusbana i Stryn. Vi fekk frispark midt ute på bana. Robin puffa ballen fram der forseelsen skjedde og ba meg legge ballen til rette. Ein strynespelar snappa ballen, storma mot mål og scora. Dommar Roald Halsør stod med ryggen til og såg ingenting. Eg blei så sint at eg kasta ein neve grus etter Roald. Den solide og sympatiske dommaren forstod frustrasjonen og tok det med eit smil.
-Andre ting du har lyst å fortelje frå di fotballkarriere?
Det var veldig kjekt å spele for Honndalen mot Lillestrøm. I Nymark fekk eg vere med på artige kampar mot Brann 2 i 3.divisjon og Haugesund i NM-cupen. Men aller kjekkaste var alle Honndalscupane med mange tette oppgjer mot naboklubbar som Stryn, Stranda, Sunnylven og Sæbø.
-Din beste medspelar på Honndalen?
Frå mi tid som forsvarsspelar vil eg trekke fram Robin Grodås som eg ofte hadde til makker i midtforsvaret. Eg prøvde å rydde unna det meste i lufta – «Haugen går» – medan han ordna opp i alt som passerte. Robin hadde god fart, bra teknikk og overblikk. Og så var han usedvanlig treningsvillig.
Må også nemne Magne Øen. Ein veldig god midtbanespelar; arbeidsjern med verdens lengste tå i mange duellar.
-Personar i klubben du set ekstra høgt?
Alle som har gjort solid innsats gjennom mange år. Som Anders Støverstein, Odd Løvlid og Ole Magnar Hessholm. Dei var viktige og trufaste personar i mine år på aldersbestemte lag og A-laget.
-Kva har Honndalsfotballen betydd for deg? HIL fotball var ein trygg og god arena gjennom heile oppveksten. Fotballen førte til godt kameratskap på og utanfor bana.