Positiv start for damelaget

Sjølv om det vart tap i seriepremieren så er det mykje positivt å ta med seg vidare.

Frå venstre: Iselin Oppheim, Malin Muldsvor (debutant), Sunniva Leivdal, Evelina Sætren og Sofie Støverstein. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

I går (søndag) var det heimekamp mot HaNo og kampen enda med 3-1 siger til bortelaget. HaNo er tippa som eit av topplaga i divisjonen og dei la press på HIL frå start og gjekk opp til 1-0 allereide etter 4 min. HaNo har fleire sjansar og kunne fort å straffa HIL med fleire mål i dei fyrste minutta av kampen, men deretter kjem heimelaget meir med og kampen jamnar seg ut. Rett før pause får HaNo ei billig straffe og går dermed til pause med 2-0 leiing. I 2 omg. er HIL godt med i kampen. Tirild-Elen Stensaker skapar spenning i kampen når ho reduserar til 1-2 . HIL for fullt med igjen i kampen og er nær med å utlikne til 2-2. Dei siste 10-15 min av kampen er HaNo klart best og sikrar sigeren når dei legg på til 3-1.

Tirild scora HIL sitt mål mot HaNo. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

Hornindal sitt lag: Sunniva Leivdal, Ina Malén Nygård Leite, Mathea Haugen, Anne Marte Leine-Dimmen, Sofie Høgalmen Støverstein, Siri Oline Lillestøl, Evelina Sætren, Iselin Yri Oppheim, Laura Haugen, Malin Grothaug Myklebust, Elisebet Kanutte Hamre Lødemel, Tirild-Elen Stensaker, Ida Seljeset Haugen, Andrine Høgalmen Støverstein, Susann Gausemel, Malin Melvoll Muldsvor og Julie Haugen

Kampens dommar var Jan Erik Myklebust frå Åmdal/Ørsta og slapp å ta i bruk kortstokken.

Sjå meir om kampen på haugenfotball.no

Jubel etter Tirild si skåring. Frå venstre: Elisebet Lødemel (debutant), Julie Haugen, Tirild-Elen Stensaker, Siri Lillestøl og Andrine Støverstein. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball