God innsats av småjentelaget på KM-kvalikk

I går (3 februar) var småjentelaget i Stryn og spelte kvalifisering til KM innandørs. Jentene gjorde sine saker svært bra, og var nær med å kvalifisere seg til sluttspelsrunden. Berre målforskjellen skilde (1 måls margin!!) til Stryn 2 som var laget som til slutt kvalifiserte seg som lag nr. 2 i klassen. I den siste kampen i kvalifiseringa møtte HIL Stryn 1. Det laget som vann kampen ville gå vidare til sluttspelrunden. Kampen var jamn og begge lag kjempa godt. Stryn fekk straffe, men Ivrine Grodås redda mesterlig og heldt HIL inne i kampen! Med litt marginar med oss så kunne kampen bikka i HIL sin favør, men dessverre for begge lag enda kampen uavgjort og dermed vart det Stryn 2 som slo følge med suverene Måløy til sluttspelsrunden.

Bak frå venstre: Emine Norevik Espe, Mathilde Muldsvor Årvik, Susanne Muldsvor Årvik, Ivrine Grodås og Mathilde Bakke. Framme frå venstre: Adele Yri Oppheim, Vilde Muldsvor, Emma Grothaug og Mathilde Kobberstad.

Hornindal sine kampar:

Stryn 2 – Hornindal 0-0

Hornindal – Måløy 0-1

Hornindal – Loen 1-0

Stryn 1 – Hornindal 0-0

Ivrine Grodås reddar straffesparket og held Hornindal inne i den avgjerande kampen mot Stryn 1.

Tabellen etter endt gruppespel:

1Måløy43104 – 1310
2Stryn 241214 – 315
3Hornindal41211 – 105
4Stryn 141122 – 3-14
5Loen41031 – 4-33

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball