Unge og lovande Honndalsspelarar

I løpet av 2023 har fleire unge Honndalsspelarar vore ein del av sonelaga i Nordfjord, og på slutten av året kom nyheita om at Jayden Perez Kobberstad er teken ut på kretslaget (nivået over sonelag) til Sogn og Fjordane. Gratulerer Jayden dette er stas! Det er nokre år sidan sist Hornindal hadde ein spelar på eit kretslag!

Jayden spelte på G12. Her i heimekampen mot Haugen. Foto: Stig Høynes. haugenfotball.no

Spelarar som Emine Norevik Espe (f. 2010), Aslak Brendefur, Jayden Perez Kobberstad (f.2011)har i 2023 spela fast på sonelaget til Nordfjord.

Simon Haugen, Susanne Årvik Muldsvor, Emma Grothaug, Liva Utvær Nesdal og Mathilde Veras Kobberstad (alle f. 2011) har vore på 1 eller fleire samlingar i sitt kull. Har dessverre ikkje bilder frå samlingane dei 5 siste var med på.

Emine Norevik Espe har spela fast på Nordfjord sitt sonelag i 2023. Foto: Svein Otto Espe

Aslak Brendefur har vore med på sonelaget til Nordfjord. Her i heimekampen mot Haugen. Foto: Stig Høynes. haugenfotball.no

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball