Hornindal jenter 13/14 på Norway Cup
Igjen skulle Hornindal Fotball sende eit lag til Oslo for å vere med på Norway Cup, «verdens største fotballturnering». I år var det heile 2280 lag og ca 30.000 deltakarar som var påmeldt. Ca 12.800 vart innlosjert på skular, der Norway Cup nytta 45 skular rundt om i Oslo.
Litt ekstra sommarfuglar var det nok i magen for både spelarar og andre når ein tok turen til hovudstaden for å delta på Norway Cup. Mange av spelarane inkl. familie, møtte på Ekeberg Camping dagen før parade og oppstart for Norway Cup. Under paraden på sjølve startdagen, var alle spelarane på plass i våre flotte klubb-kle. Raudt er ein farge som er enkelt å sjå att tenkte vi, men ein kan konstatere at det er veldig mange klubbar som har raud farge på kle og drakter 😊 Ein ting som vart synleg, og som ein kan tenkje på til seinare er å ha ein fane som viser att i eit tog med tusenvis av klubbar og spelarar, for det var ikkje enkelt å sjå igjen «lisje» Honndalen når ein står midt mellom store klubbar som gjerne har meldt på 10-20 lag til turneringa. Sjølv med liten tropp frå ei lita bygd, gjorde jentene seg synlege på sine måtar 😊
Paraden som startar på Ekebergsletta, endar opp med sena som er satt opp i området med sekretariat og finalebana, og når ein kom fram til seneområdet, fekk ein eit lite intrykk over mengda med personar som er med på denne festen. Litt vanskeleg med å skulle halde kontroll over heile gjengen, men alt gjekk fint. Nokon av jentene var nesten heilt framme med sena, og hylte truleg så høgt som dei kunne 🙂
Avtalen etter konsertslutt var tur til Ekeberghallen for felles middag. Eit imponerande opplegg der det blir servert ca 27.000 varme rettar kvar dag. Ikkje nødvendig vis noko gourmet måltid, men ein viktig del av Norway Cup er nettopp at ein skal gjere det meste som lag, også når det gjeld måltid.
Etter middag vart det gjort klart til avreise for skulen som vi skulle overnatte på. Også dette spennande for dei aller fleste. Vi hadde fått tildelt Gamlebyen Skole som overnattingsstad, veldig sentralt plassert, nærme busshaldeplass og ikkje lenger en ca 14 min frå Ekeberg. Ettersom mange kom frå ei veke med ferie før Norway Cup, vart det litt ompakking, før ein lempa det meste inn i ein bil som køyrde flyttelasset på plass. Jentene sjølve tok buss saman med nokon av vaktene/foreldra.
HIL fekk ikkje tildelt det største klasserommet, men etter mitt syn ein perfekt størrelse. Under Norway Cup er det fleire konkurransar saman med sjølve resultatet på fotballbana. Ein av dei er – det ryddigaste rommet. Av ein eller annan merkelig grunn, vart ikkje jentene sitt rom med heilt til topps i denne kåringa 😊
Overnatting på skule gjorde sitt til at minna frå når eg sjølv var på Norway Cup tilbake til 80-talet kom sigande. Ikkje minst «hotellfrukosten» 😊
Når kampdagane var i gang, begynte for alvor spenninga, og første kamp søndag mot Aksla på Valle Hovin. Spenning under buss-turen, under oppvarming, under helsing før kamp, og ikkje mist når kampen starta opp. Høge skuldrar, innbyttarpuls, nervar m.m. styrte store delar av kampen. Vi spelte veldig jamt mot Aksla, men uflaks gjorde at vi tapte 1-0 i første kampen. HIL hadde heilt klart dei fleste sjansane i 2. omgang, men det ville seg ikkje.
Mykje følelsar etter ein slik kamp, og turen tilbake til skulen, gjennomblaut etter ei skikkeleg regnbye, vart noko lenger en turen til kamp. Med dusj og litt avslapping steig humøret. Fikk oss middag i Ekeberghallen, før det vart felles tur til Rush Trampolinepark på ettermiddagen saman med foreldre og søsken. Etter ei god treningsøkt på trampolinene, var det tur tilbake til skulen/campingen og restitusjon før neste kamp. På skulen fekk ein også gode sjansar for å bli kjent med spelarar frå andre lag, og kortspel i gangane er alltid kjekt…
Måndag var det tidlegkamp på Ekeberg, mot kanskje det sterkaste laget i gruppa vår, Dahle/Nordlandet. Dette laget hadde vunne stort i sin første kamp, noko som gjorde at jentene var ekstra gira på å skulle gjere det bra på bana. Hadde truleg ikkje spela lenger en 3-4 minutt før Vilde Muldsvor kunne breiside ballen i mål. Eit jubelbrus både på bana og på sidelinja når ein såg ballen trille i mål. Etter dette bølga kampen veldig, men vil absolutt meine at HIL hadde dei beste og største sjansane, og det small i metallet ved fleire høver. Jentene kjempa som heltar gjennom heile kampen, sjølv om vi i denne kampen berre hadde ein innbytar, og gleda var veldig stor når dommar bles av kampen og siger nr. 1 på Norway Cup 2023 var eit faktum. Det er noko spesielt å sjå gleda som lyser av auga til jentene etter ein slik kamp, og om det var tårar etter kamp 1, må det seiast at jammen vart det tårar etter kamp 2 og, men gledetårer. Turen frå kamp med høgtalar på full styrke på veg til lunsj i Ekeberghallen vart som ein sigersparade, og meeeget god steming 😊
Ettersom det var tidlegkamp denne dagen, lurte vi på om jentene ville bort på finalebana og helse på Frode Grodås, noko som vart godt mottatt. Frode møtte oss etter keeperøkta som han hadde, og vi fekk både historier og faktainformasjon. Frode kunne blant anna fortelje oss at han var med på det første laget frå Honndalen som reiste på Norway Cup. Vi overleverte vimpel frå HIL der alle jentene signerte på baksida. Frode hadde faktisk ikkje denne vimpelen frå før, så det var kjekt. Vi fekk sjølvsagt signatur på keeperhanskane våre i retur 😊
Etter samlinga med Frode, vart det til Peppes Pizza i Storgata for pizza-feiring. Veldig kjekt når klubben gjev oss nokon “bonusar” og i denne samanheng fekk laget pizza ute på restaurant. God stemning og godt humør, og ein vart enige om at Peppes hadde tatt vel godt i når dei laga 16 store pizza til oss! Nattmat, frokost, middag og kvelds vart fasiten 🙂
Tysdag, ny dag nye moglegheiter.. Vi skulle spele siste kamp i gruppespelet på Abildsø mot Åmdal-Tokke. Fulle av pågangsmot reiste vil som alltid med høgtalaren med oss, klare til kamp. Vi hadde gode sjansar for å kome oss til A-sluttspelet. Når kampen starta var det tydeleg at HIL var eit betre lag en Åmdal-Tokke, men det ville seg liksom ikkje. Ballen var gjerne meir i lufta en på bakken, og det heile var litt rotete ein periode. Når ein i tillegg fekk skade på ein ny spelar, at vi berre var 7 spelarar igjen, var det mange tankar som kom sigande. Jubelen vart desto større når målet endeleg kom. Emine Norevik Espe fekk til eit godt skot og 1-0 til HIL. Veldig kjekt å stå på sidelinja og sjå den enorme gleda som jentene viser når ballen endar opp i målet til motstandaren. Avslutninga på kampen var veldig spennande, men HIL var sterkast, og vi kunne notere nok ein kamp med siger.
Etter kampen var det rett og slett ikkje anna og gjere en å vente på resultatet frå den andre kampen i gruppa. Kvar ville vi hamne på tabellen? Dei 2 beste laga går til A-sluttspel, og dei andre til B-sluttspel, så dette var spennande. Ekstra spennande når det tok lang tid før resultatet vart publisert. Til slutt kunne vi konstatere at vi hamna i B-sluttspelet med minst mogeleg margin.
I ei tett gruppe der 3 lag fekk 6 poeng, vart det altså B-sluttspel på HIL. Det var ikkje mange lag i vår jenter 13/14 år som havna i B-sluttspelet med 6 poeng. Faktisk er det slik at mange lag som hadde 4 poeng i gruppespelet kom seg til A-sluttspelet, men slik vart det dette gangen, og kanskje var det ein god ting? No skulle vi rett til 1/8 dels finalen, og berre lyden av å spele ein «finale» er rett og slett veldig kjekt. 1/8 delfinalen skulle vise seg å vere ein enkel kamp for HIL, som verkeleg hadde funne storformen, og det utan å ha ein einaste innbyttar ! Heile 7-1 vart sluttresultatet. Karoline Aarflot Skjåstad og Malin Muldsvor skora begge 3 mål, og eit hjørnespark frå Mathilde Muldsvor Årvik gjekk via ein motstandar og i mål. Alle HIL spelarane gjorde denne dagen ein framifrå jobb på bana. Må kanskje i denne samanheng også nemne Emine Norevik Espe som hadde 4 eller 5 assister i denne kampen.
Eit bilde fortel meir en tusen ord vert det sagt, og dette bildet forklarar nettopp dette. For ei glede, for ein opplevelse!
Litt vanskeleg å lande etter ein slik kamp, og det var klart ein jentene måtte få feire litt etter dette. Avstemminga var klar : McDonalds 😊
Ein trur til sentrum og besøk på McDonalds der vi var heldige og fekk ta bilde saman med politi på hest.
Så var det heim og legge seg, for kvartfinalen stod for tur der vi skulle møte Trond IL. Skadar på to av spelarane medførte at vi ikkje hadde innbytarar, så vi var klare over at det kom til å bli ein tøff kamp.
Starten av kampen var veldig jamn, og vi hadde rett og slett uflaks som ikkje greidde og skore på to veldig store målsjansar. I staden vart det skade på ein ny spelar og berre 6 friske spelarar igjen på bana. Vi hadde teipa anklar og hadde ein reserve om det viste seg nødvendig, og det var det verkeleg denne kampen, men motstanden vart litt for tøff. Ein motstandar som hadde mange spelarar og som leia 0-3 etter første omgang. Veldig mange skuffa spelarar med tårer i auga, men vi gav det ein sjanse. Når vi reduserte til 1-3 med Ivrine Tronstad Grodås steig humøret litt. Tverleggarskot og store sjansar som ikkje gav utteljing, og nytt mål imot vart spikaren for HIL denne gongen.
Sjølv med tap i kvartfinalen har HIL ingen grunn til å skulle vere skuffa over innsatsen på Norway Cup. Vi har vist at vi spelar jamt med lag frå heile Noreg, og at vi har lagt veldig mange lag bak oss på tabellen. Tenkt at lisje Honndalen reiser til Norway Cup, verdens største turnering, med 9 spelarar, og kjem så langt at ein spelar kvartfinale ! Etter mitt syn rett og slett heilt utruleg godt gjort, og all ære til spelarane som tok i bruk alle musklar som eksisterer for å få dette til.
3 X hurra til dei !
Vel tilbake på Ekeberg camping, samla vi oss for feire med Taco-bord for å gløyme siste kamp, men feire totalen på turneringa. Alle mann alle med 32 stk i stort og smått fekk forsyne seg i det som truleg måtte vere Ekebergs største Taco bord 😊
Norway Cup er ei oppleving både for store og små, og ei berg og dalbane når det gjeld følelsar. Når ein ser bakover i tid, vil dei gode minna sitje spikra i minnet. Når det gjeld denne jentegjengen trur eg dette har gitt meirsmak, og som dei sa : « vi har diskutert og funne ut at ikkje nokon skal slutte på fotball, og vi skal tilbake til Norway Cup igjen»
Med slike tilbakemeldingar er det klart at det gjev ein meirsmak.
Ei veldig kjekk veke, med ein veldig, veldig kjekk gjeng.
Takk for turen til alle, både spelarar, foreldre og søsken!
Mvh. Svein Otto Espe