Fin start på Norway Cup

Småjentelaget vårt har hatt ein fin start på Norway Cup. To jamne og tøffe kampar. Fyrste kamp enda med tap 1-0 mot Aksla. I dag vann jentene våre 1-0 mot samarbeidslaget Dahle/Nordlandet frå Kristiansund. Målscorar for HIL var Vilde Muldsvor. Ekstra kjekt var det at Frode Grodås tok seg tid til å møte jentene i dag.

  • Bak frå venstre: Ivrine Tronstad Grodås, Emine Norevik Espe, Frode Grodås, Malin Muldsvor, Mathilde Muldsvor Årvik og Elisebet Hamre Lødemel.
  • Framme frå venstre: Adele Yri Oppheim, Vilde Muldsvor, Mathilde Bakke og Karoline Skjåstad.

I morgon (tysdag) spelar jentene siste kamp i gruppespelet. Motstandar då er Telemarkslaget Åmdal-Tokke. Kampen har avspark kl. 14.00.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball