Oppsummering vårsesongen herrelaget

Herrelaget vårt har hatt ein fin vårsesong. Ser vi tilbake til tida før seriestart der mangelen på spelarar var prekær så har vårsesongen gått over all forventing.

Laget i årets fyrste seriekamp – heime mot Stadlandet.
Bak frå venstre: Dagmund Evebø, Håvard Sollid, Ole Christian Nygård, Bjørnar Taraldset, Eskil Seljeset, Emil Haugen, Kristoffer Hatlestad Arnes, Olander Espe, Trygve Myrold, Endre Lødemel og Gunnar Grodås. Framme frå venstre: Chrisander Øen, Eirik Tvinnereim, Mathias Espe, Lukas Lødemel, Andreas Sollid, Kristoffer Grodås, Sander Haugen, Rasmus Bø, Tobias Tandsøy Veum og Elias Helset.

Vi har vore heldige med å rekruttere nye spelarar i innspurten før seriestart. Spelarar som t.d. Eirik Tvinnereim, Elias Helset, Trygve Myrold, Martin Aaland og Tobias Tandsøy Veum kom til oss i løpet av april og alle har vore viktige bidragsytarar for laget. I tillegg arrangerte Gunnar og Dagmund eit møte med veteranane våre og dermed har Håvard Sollid, Lars Midthjell Gjørven, Ole Christian Nygård, Kristoffer Grodås og Endre Lødemel ved høve bidrege med si rutine. I tillegg har Svein Olav Solum, Svein Otto Espe, Jan Rune Oppheim mfl. vore med på treningar. Totalen av dette i lag med den opprinnelege spelargruppa har blitt meget bra.

Kampane har stort sett vore jamne. Spelemessig har HIL vore solide bakover, men i enkelte av kampane slite med å skape det store framover. På heimebane har vi vore stabilt gode og vi er ubesigra i vårsesongen. På bortebane har vi teke eit sterkt borte poeng mot Selje og ein sterk bortesiger mot Haugen.

Vi har brukt følgande spelarar (totalt 26 stk) i seriekampar til no i sesongen:

Keeperar: Andreas Sollid og Kristoffer Grodås

Utespelarar: Eirik Tvinnereim, Håvard Sollid, Tryge Myrold, Eskil Seljeset, Martin Aaland, Endre Lødemel, Mathias Espe Lødøen, Ole Christian Nygård, Lars Midthjell Gjørven, Rasmus Bø, Kristoffer Hatlestad Aarnes, Bjørnar Taraldset, Eskil Nordang Seljeset, Elias Helset, Magnus Midthjell Gjørven Tobias Tandsøy Veum, Lukas Olai Lødemel, Olander Norevik Espe, Sander Misund Haugen, Chrisander Øen, Emil Haugen, Jakob Sæther, Aksel Sollid Seljeset og Runar Tvinnereim.


Resultat:

Hornindal – Stadlandet 2-1 (1-1)

Måløy 2 – Hornindal 2-0 (0-0)

Hornindal – Hyem 2-1 (0-1)

Selje – Hornindal 0-0

Hornindal – Flatraket/Selje 2 3-2 (2-0)

Eid 2 – Hornindal 3-1 (2-0)

Hornindal – Svelgen/Bremanger 2 2-1 (1-1)

Stryn 2 – Hornindal 1-0 (0-0)

Målscorarar: 12 mål og 10 forskjellige målscorar på 9 kampar (11 baklengs)

Mathias Espe Lødøen (t.v) truleg tidenes yngste målscorar i ein seriekamp for HIL. Bjørnar Taraldset (t.h) delar toppscorartittelen med Lars Midthjell Gjørven med 2 mål.

2 mål: Lars og Bjørnar

1 mål: Martin, Elias, Eskil, Rasmus, Jakob, Lukas, Mathias og Sander.

Kort:

Martin Aaland er årets råtass so langt i sesongen.

Martin 1 rødt og 2 gule

Emil og Lars 3 gule

Eskil, Rasmus, Kristoffer HA, Magnus, Olander, Runar, Tobias og Trygve 1 gult.

Tabellen:

Vi håpar haustsesongen blir like god! GOD SOMMAR!

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball