Jenter 13/14 er ferdige med vårsesongen der siste kamp vart spelt heime mot Stryn tirsdag 13 juni. Vi er berre 11 spelarar i troppen, og med ein skada spelar, var det 10 spente jenter som møtte til kamp. Når dommar Lars Taraldset bles i gang kampen, viste Honndalsjentene frå start at dei ville noko i denne kampen. Ein tett kamp, med sjansar til begge lag, men HIL var noko betre, og det gav utteljing. Malin fikk æra av å skore i eit veldig flott angrep med opprulling frå midtbana. Flotte prestasjonar og gode pasningar som resulterer med mål er alltid veldig kjekt. I slutten av omgangen fekk også Stryn utteljing på sine sjansar, og 1-1 til pause var eit faktum.
Jentene frå Honndalen har i alle sine kampar i år vist at dei i andre omgang finn eit anna gir. Dette var tilfellet også mot Stryn, og HIL tok ledelsen både 2-1 og 3-1, begge måla av Malin. Stryn som hadde 14-16 spelarar i troppen gjorde mange bytter og fekk friske bein innpå bana. Når ein av HIL sine spelarar fekk gult kort, noko som medfører at ein spelar med ein mindre på bana i 5 min, fekk Stryn eit lite overtak, men ingen uttelling før heilt mot slutten av omgangen
. Eit kjempe skot på frispark, og redusering til 3-2. Nokon nervepirrande minutt stod att, men vi hadde publikum på vår side som heia oss fram. I siste sekund av kampen kom Stryn til ein kjempesjanse på sida, og dei fekk til eit hardt skot mot mål. Ei kjemperedning av keeper Celine gjorde at det det framleis stod 3-2 då dommaren bles av kampen. 3 poeng mot Stryn er ein veldig fin måte å starte sommaren på.
Desse jentene har hatt ein veldig fin stigning frå starten av sesongen. Vi har tatt 3 poeng mot topplaga Eid og Stryn, samt Svelgen og Sandane 1. Spelt uavgjort mot Sandane 2 og Stryn 1, og tapt ein kamp mot Selje/Flatraket
Stryn 18
Selje/Flatraket 15
Eid 15
Hornindal 14
Jentene viser stor iver på terning, og har verkeleg hatt stor framgang. Dei har etter kvart også vist musklar på kamp, sjølv om motstandarane ikkje alltid er like glad for dette 😊
No er det trening gjennom sommaren før Norway Cup står for tur i Oslo 28 juli til 4 august.