Damelaget spela torsdagkveld uavgjort 1-1 mot Bergsøy. Kampen sett under ett eit rettferdig resultat seier trenar Lars Alv Haugen. Ida Seljeset Haugen sende HIL i føringa 1-0. Bergsøy hadde to treff i metallet, men det måtte ei straffe til for at dei skulle klare å få mål. Straffa var av den billige sorten, då ein Bergsøyspelar snublar i eigne bein og dommaren dømmer straffe. Straffa scora dei på og dermed enda kampen 1-1.
For HIL sin del var det mykje godt spel. Kampen i dag var 9ar, og med 9 innbyttarar så hadde ein dobbel dekning på alle plassar. Coach Haugen er godt fornøgd med innsatsen til alle spelarane.
Ida Seljeset Haugen scora i kveld sitt fyrste mål på seniornivå. Foto: Jan Rune Oppheim
Kampfakta: Hornindal – Bergsøy 1-1 (0-0)
1-0 Ida Seljeset Haugen 78 min
1-1 Ida Kvalsvik Vestnes 85 min
Kort: Ingen
Dommar: Dagfinn Berg Tjervåg, Hasundgot IL.
Ein frostig gjeng etter ein kamp i surt og kaldt veir.
Bak frå venstre: Malin Ytrebø Storevik, Sofie Støverstein, Mathea Haugen, Ida Seljeset Haugen, Annette Lillestøl, Lena Underhaug, Evelina Sætren, Anne Marte Leine-Dimmen og Hanne Moltumyr. Framme frå venstre: Malin Myklebust, Laura Haugen, Iselin Yri Oppheim, Sunniva Leivdal, Fredrika Lødemel, Mona Kleppe Skåden og Siri Lillestøl.
Foto: Jan Rune Oppheim