A-laget vann i går 1-0 på bortebane mot Oppstryn. Fredrik Nesje Lindvik vart matchvinnar med kampens einast mål i etter ca. 60 min.
Til denne kampen var det to gledlege comeback når både Kristoffer Grodås (keeper) og Kjetil Svarstad var tilbake i Honndalsdrakta!
Rapportane frå kampen seier at sigeren var litt av den heldige sorten, men desto beire er det å få med seg 3 poeng heim frå Lund stadion.

Jubel etter at Fredrik Nesje Lindvik scora kampens einaste mål. Foto: Arild Hafsås
KampfaktaLund Stadion
Oppstryn - Hornindal 0-1 (0-0)
Målscorar: Fredrik Nesje Lindvik (60 min)
Gule kort: Marcus Vangverg og Antonio Heggen (HIL)
Dommar: Asle Nesdal, Vikane
HIL sitt lag: Kristoffer Grodås
Fredrik Nesje Lindvik
Kjetil Svarstad
Marcus Vangberg
Antonio Heggen
Verner Myklebust
Jan Åge Langeset
Snorre Øvreberg
Martinus Espe
Vegard Taklo
Sigmund Kjøsnes
Johan Olav Parr Flo
Mathias Grodås
Stig Magnes Aase
Jardar Gullbrå
Thomas Beinnes
Bjørnar Taraldset

Kjetil Svarstad spelte ein god kamp i sitt comeback. Foto: Arild Hafsås