Knallkveld med Rotlaus
Laurdag var det smekkfullt i Honndalshallen når Rotlaus gjekk på scena. Det var mykje folk og god stemning heile kvelden.
Veldig kjekt å vere arrangør for eit slikt publikum! 



Som arrangør er vi veldig godt fornøgde med kvelden og takkar Rotlaus, og ikkje minst alle våre gjester for at dei tok turen til Hornindal og Honndalshallen. Takk for at de oppførte dåkke so bra som de gjorde! 
Vidare takkar vi alle våre frivillige som har sørga for at arrangementet gjekk på skinner. 
Ekstra skryt til den flotte ungdomen vår (jentelaget og guttelaget) som stod for mykje av rigginga og oppryddinga på torsdag og søndag. Flott innsats!