Herrelaget starta med 5-2 siger over Haugen i seriepremieren på Hornindal stadion i går kveld.
Etter 1 sesong utan seniorlag i seriesystemet var HIL tilbake i det "gode selskap". Eit honndalslag med mange debutantar (8 stk) gjekk rett i føringa og la press på Haugen.
Det var ikkje ufortent at Johan Olav Parr Flo sette inn 1-0 omlag halvvegs i 1 omgong, og nokre få minutt seinare gjekk HIL opp i 2-0 leiing etter eit sjølvmål som følge av godt forarbeid av Vegard Taklo. Reduseringa til Haugen kjem etter at Darko blir sparka ned på midtbana (eit klart frispark). Haugen går rett i angrep og Yngve Furnes reduserar for Haugen.

Darko Stojkovic spelte ein god kamp for HIL. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

Bjørnar Taraldset etter 4-2 scoringa. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no
Etter pause er HIL det førande laget dersom vi ser vekk frå ein periode der Haugen reduserar til 3-2. Trenarteamet til HIL gjer grep for å få kontroll på kampen, og når Bjørnar Taraldset sender HIL opp til 4-2 er det ikkje tvil om at dette kjem til å endre med Honndalssiger.
Rett før Bjørnar skal byttast inn så spør Dagmund han om han ikkje skal varme opp, Bjørnar som akkurat har reist seg frå benken svarar: "eg e go og heite", og det viste seg å stemme :)
Vegard Taklo scorar kampen siste mål når han sender ballen i bue over ein utrusande Haugenkeeper.

Vegard Taklo jublar etter 5-2 scoringa Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no
KampfaktaHornindal - Haugen 5-2 (2-1)
1-0 Johan Olav Parr Flo
2-0 Sjølvmål
2-1 Yngve Furnes
3-1 Johan Olav Parr Flo
3-2 Kenneth Remme
4-2 Bjørnar Taraldset
5-2 Vegard Taklo
Gule kort: Fredrik Myklebust (Hornindal) og Yngve Furnes (Haugen)
Dommar: Stein Otto Førde, Breimsbygda
Publikum: ca. 60
Hornindal sitt lag:
Oliver Kirkeeide Næss
Fredrik Myklebust
Håvard Sollid
Marcus Vangberg
Snorre Øvreberg
Vegard Taklo
Verner Myklebust
Darko Stojkovic
Jan Åge Langeset
Mathias Grodås
Johan Olav Parr Flo
Innbyttarar:
Stig Magne Aase
Bjørnar Taraldset
Sigmund Kjøsnes
Eskil Seljeset
Thomas Beinnes
Runden: Hornindal - Haugen 5-2
Eid 2 - Hyen 7-1
Tornado Måløy 2 - Oppstryn 2-0
Svelgen/Bremanger 2 - Flatraket Skavøypoll 2 0-0