Seriestart 6. div. herrar
Tysdag 23 april kl.19.00 serieopnar HIL sitt herrelag i 6. div. avd. 2.
Kampen blir spelt på Hornindal stadion, og motstandar er Haugen. 
Dommar er Stein Otto Førde, Breimsbygda. 
Vi håpar på godt publikumsoppmøte, og god støtte frå sidelinja når det brakarlaust! 


Vegard Taklo er ein av dei nye spelarne som har entra Honndalsdrakta!
Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

Etter ein sesong utan 11-ar herrelag er vi tilbake i seriesystemet, og det er godt!
I desember såg det mørkt ut, men etter eit stort rekrutteringsarbeid der spelarane sjølve har vore i førarsetet har vi lukkast å få til eit spennandeVi har knytta til oss mange spelarar utanfrå, noko som har vore heilt nødvendig for å få til lag, og for oss er det veldig kjekt at so mange spelarar har lyst å kome til Hornindal for å spele fotball!!

i
Snorre Øvreberg frå Stryn er ein anna solid tilvekst i Honndalsdrakta
Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

Vi har signert følgande spelarar før årets sesong: (overgong frå klubb i parantes)
Darko Stoikovic (Loen)
Elias Johnsen (Eid)
Fredrik Nesje Lindvik (Stryn)
Jan Åge Langeset (Stryn)
Johan Olav Parr Flo (Stryn)
Marius Sætre (Eid)
Markus Sætre ( Stryn)
Mathias Skår (Selje)
Oliver Kirkeide Næss (Oppstryn)
Preben Evebø (Stryn)
Sigmund Kjøsnes (Stryn)
Snorre Øvreberg (Stryn)
Stig Magne Sørland Aase ( Eid)
Thomas Beinnes (Loen)
Vegard Taklo (Eid)



I trenarteamet er vi så heldige å ha fått med oss ringreven Dagmund Evebø, i lag med Geir Røberg (t.v.) og Gunnar Grodås. 
Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no


Verner Myklebust (22 år) blir ein av veteranane i eit ungt Honndalslag
Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

Laga i vår avdeling er:
Hornindal
Breimsbygda/Jølster 2
Eid 2
Flatraket/Skavøypoll 2
Haugen
Hyen
Oppstryn
Svelgen/Bremanger 2
Tornado Måløy 2

1 serierunde blir spelt slik:
Eid 2 - Hyen
Svelgen/Bremanger 2 - Flatraket/Skøvøypoll 2
Tornado Måløy 2 - Oppstryn
Hornindal - Haugen