Smekkfullt i Honndalshallen når Rotlaus entrar scena 27 april! Vi i Hornindal IL Fotballgruppa gler oss enormt til Rotlaus entrar scena i Honndalshallen laurdag
27 april. 1000 selde billettar og utselt over 1 mnd. før dørene opnar er berre heilt fantastisk!!
Litt praktisk informasjon:Det er tilrettelegging for bubilar og campingvogner. Alle som skal ha parkeringsplass for bubilar og campingvogner må ha gyldige billettar til konserten med Rotlaus for å få tilgang til parkeringsplassane. For bestilling av plass ring: 949 82 083
Dørene til hallen opnar kl.20.00, og stenger kl. 02.30.
Musikk frå 20.30 – 02.30.
Det blir også livemusikk både før og etter konserten til Rotlaus. Musikken sørgar duoen i «Varige Menn» for . Duoen består av Sigbjørn Follestad og Atle Braute, dei er faste medlemmar Listen To The Band, men går på sjølvstyr denne kvelden.
Det blir ikkje veldig mange sitjeplassar inne i sjølve hallen, men det blir avlastningstelt ute på idrettsparken (utgang frå dør midt i hallen), og sjølvsagt i kantina, men pga. fullt hus må vi pga. tryggleikshensyn/branntryggleik begrense antall stolar og bord i hallen denne kvelden.
Det blir bongsystem for kjøp av mat/drikke – så gå via bongstasjonane (3 forskjellige stadar) før du går i baren eller kiosken.
NB!!! Det er 18 årsgrense (leg.plikt) og skjenkeløyve på arrangementet så om nokon under 18 år har billett så kjem dei dessverre ikkje inn på konserten sjølv ein har kjøpt billett.
VELKOMEN TIL HORNINDAL! 😊
Helsing Hornindal IL Fotballgruppa
(arrangør)