Reisebrev frå i italia del 
Hei frå Garda / Italia

Dei beste søndagshelsingar frå Italia til alle. 
Dagane startar tidleg, og kveldane varer noko lenge når ein er på tur, men "alle" stiller med godt humør, stort sett 😊 
Laurdagen vart nytta til trening for gutelaget, og for jentene vart det treningskamp mot ein Sveitsisk lag. Kampen føregjekk på ei regntung grasbane i Garda, mot jenter/damer frå Sveits der den eldste spelaren var 31 år. 



Før kampen var det sjølvsagt Ja vi elsker, med handa på hjartet og song frå full hals, samt sangen Alt for Norge. Følelsen av å ikkje berre spele på vegner av Honndalen, men også heile Norge, vise seg å vere god medisin for jentene våre. 




Honndalen kunne skrive 3-1 siger over Sveits, og steminga for resten av dagen vart satt. Dette var også dagen der det for mange skulle vere høgdepunktet, nemleg kamp på mektige San Siro. Bussen reiste frå Garda kl 13:00, og med ein god 2,5 timers tur til Milano, hadde ein gode 3 timar til å utforske byen. Pizza vart for mange sjølvskrive, men også Mc-Donald fikk storfint besøk frå Honndalen 😊
Kl 19:00 var det oppmøte med bussen, og ein var klare til å sette nasa mot San Siro, Italias største fotballstadium som rommar heile 80.000 mennesker. Som ein av leiarane trur eg dette er minner for livet for spelarane, men også for foreldre og trenarar som var med. Når ein gjekk "tunellen" ut mot bana, og vart møtt av brølet, størrelsen og steminga, kan kven som helst, uavhengig av interessa for fotball, rett og slett misse pusten. FOR EI GRYTE, STØRRE EN ANFIELD! Det var klart for oppgjøret mellom Milan og Lazio !




Vi var alle var plassert i same seksjon, der ein fekk særdeles god utsikt over bana og kampen. På denne kampen var publikumstalet 61.216.
Dei første 45 minutta gjekk for dei aller fleste veldig fort, men det var først i andre omgang at ein verkeleg fekk føle stemninga og trøkket. Milan fekk tildelt straffe.. Etter store protestar, bestemte dommaren for å sjekke VAR. Spenninga var intens og spanande, og lydnivået formidabelt. Konklusjon frå VAR vart Corner… Pipinga vart ikkje mindre av denne beslutninga. Berre 2 min etter dette vart det på nytt blåst traffe til Milan, og denne gongen var det ikkje noko tvil. Lyden, atmosfæra, spenninga…. MAGISK! 61.216 mennesker på tribunene fekk vere med på denne opplevinga, og straffa satte Franck Kessié i mål! Lyden etter skoring  UBESKRIVELIG!
Vi hadde bestemt før vi gjekk inn på stadion at vi skulle gå i det 85 min (5 min før slutt). Dette pga traffikk ut av Milano og muligheitene for å komme oss heim i vetig tid. Det var for mange tungt å skulle forlate stadion på dette tidspunktet. Det er som å gå frå ein basar etter at ein har kjøpt lodd men ventar ikkje på loddtrekkinga.. lyden ljoma heile vegen til bussen, som tok ca 15 – 20 min å gå frå station. 



Vi var heime ved leiligheitene ca kl 01.20, der vi diska opp med kveldsmat til dei som måtte ha noko i magen før dei tok natt.

Noko tunge bein var naturleg kl 08:00 i dag tidleg, men slik er livet for ein "proff" frå Honndalen 😊

Gutane har gjennomført ei økt på morgonen søndag, og mange har lagt sin elsk på ekte grasbane.. Kjekt og sjå strålande sklitaklingar der ein får skjit langt opp under trusa 😊
Etter lunsj i dag er det avreise til kamp for jentene.

Tida går fort, men vi prøvar til beste evne å kose oss dagen lang..

Beste helsing frå gjengen i Italia 😊
Referent Svein Otto Espe