Reisebrev frå italia (del 1)
Jente og guttelaget er på treningsleir i Italia frå 11-17 april.
Etter over eit år med planlegging og dugnadsjobbing er gjengen endeleg på tur.


Foto: Svein Otto Epse.

Helsingar frå Garda:
Regnværet har forlatt gjengen, og vinterkvite kroppar har i dag fått sett sol. T-skjorta og shortsen er plukka fram.
Begge laga har trena to økter kvar i dag, og det er strålande stemning i gjengen.
I morgon ventar vennskapskamp for jentene mot sveitsisk motstand, og trening for gutane. På formiddag går turen til Milano for shopping, mat og turens høgdepunkt Milan -Lazio på SanSiro!


Foto: Stine Hole


Foto: Stine Hole