Heidersteikn
Laurdag 6 april hadde fotballgruppa ei sosialsamling i stadionhuset for sine frivillige.
Det var bra oppmøte og god stemning. Mat, Quiz og utdeling av heiderteikn var på programmet. 

Under middagen fekk Steinar Bakka og Oddvar Espe tildelt kretsen sin Blå Diplom for innsats gjennom mange år for Honndalsfotballen. 
Samstundes fekk Lars Taraldset, Gunnar Grodås og Knut Ove Grodås vite at styret i fotballgruppa har innstilt dei på tilsvarande heiderteikn.  

Det er fyrste gong sidan 1990 at nokon i Honndalsfotballen får denne utmerkinga. Det er utantvil velfortent at desse 5 karane er innstilt/tildelt denne utmerkinga, men samstundes litt trist at klubben vår har vore sopass dårleg på å sette pris på kvarandre. Det er mange personar gjennom desse års som garantert skulle hatt denne utmerkinga, men som ikkje har fått den. Det vil vere umulig for oss å forsøke å rette opp i dette, men no er vi vertfall på sporet igjen og vil følge opp i åra som kjem. Vi har mange frivillige som er i rute for å få denne utmerkinga.

Kretsen sine kriterier for å få denne diplomen er: 
Blå diplom gis til eldsjeler i klubb som har gjort ein lengre vedvarande innsats i klubben, minimum 8 år, som trenar, leiar, oppmann.


Foto: Harald Vartdal
Frå venstre: Lars Taraldset, Gunnar Grodås, Oddvar Espe, Steinar Bakka og Knut Ove Grodås.