Dansegalla i hornindal
23.-24. august 2019 er det klart for ny dansegalla i Honndalshallen i Hornindal. 

Billettar kan kjøpast på Tikkio.com (dansegalla i Hornindal) - frå 25. juni kan du kjøpe billettar på First Stop Grodås (YX Hornindal) Tlf.nr 413 18 840.

For bestilling av plass til bobil eller campingvogn ring: 949 82 083.
(150 kr. pr. natt utan straum - 200 kr. pr. natt med straum)

Fredag spelar Steinar Engelbrektsson Band og Dænsebændet til dans frå kl. 20.30 - 02.30. 
Laurdag spelar Ingemars og Holidays frå kl. 20.30 - 02.30. 

På dagtid laurdag (12.00 - 17.00) blir det showtelt i sentrum med livemusikk frå scena.  
Det er skjenkeløyve og matservering i teltet.