Hellbillies i Honndalshallen
 
 
Program
Frå ca 20:30 LISTEN TO THE BAND
Frå ca 22:00 HELLBILLIES
Etter Hellbillies: LISTEN TO THE BAND

Laurdag 5 november entrar Hellbillies scena i Honndalshallen 2,5 år etter at dei for fyrste gong besøkte Hornindal. 
Det er eit dagsaktuelt band som no gjestar Hornindal. Nytt album kjem ut i midten av oktober, og dermed er Honndalshallen ein av dei fyrste spelestadane etter platesleppet.
Hellbillies kjem til å gå på scena kl.22.00. Sist var dei meget presise så vi oppmodar publikum å vere ute i god tid. 
 
Før og etter Hellbillies spelar Listen To The Band. Eit kjempe bra band!! 
 
Billettar kostar kr. 450 på førehandssal på YX Hornindal (57879586 - 09.00 - 1800), eller kr. 450 + avgift på ticketmaster.no. 
I døra kostar billetten kr. 550. NB! Sist var vi utseld for billettar før vi opna dørene. 
 
Det er 18 årsgrense - Skjenkeløyve.
 
Arr. Hornindal IL Fotballgruppa