Dansegalla i Hornindal 26-27 august 2016
 
 Contrazt spelar i lag med Steinar Engelbrektsson Band på laurdag i Honndalshallen! 
 
Laurdag 26-27 august arrangera friidrettsgruppa og fotballgruppa i Hornindal IL dansegalla i Honndalshallen for 3. gong. Som arrangørar har vi forsøkt og utvikle, og forbetre arrangementet basert på tilbakemeldingar frå våre gjeste og erfaringar vi gjer oss som arrangør. 
Nytt av året er at vi utvidar arrangementet med eit arrangement i sentrum laurdag på dagtid. 
Det blir dermed «stortelt» på «gamle coop tomten». Det blir underhaldning og livemusikk frå Steinar Engelbrektsson m/band og duoen Six Pack. Det blir sal av mat og drikke i teltet. 
 
 
 
Program:
Fredag
20.00 Dørene opnar i Honndalshallen
20.30 Ingemars
21.30 Six Pack
22.30 Ingemars
23.30 Six Pack
00.30 Ingemars
01.30 Six Pack
02.30 Dørene stengjer

Laurdag
12.00 – 18.00 Storteltet ope i sentrum
Her blir det underhaldning av Six Pack, Camping Elvis og Steinar Engelbrektsson Duo.
20.00 Dørene opnar i Honndalshallen
20.30 Steinar Engelbrektsson Band
21.30 Contrazt
22.30 Steinar Engelbrektsson Band
23.30 Contrazt
00.30 Steinar Engelbrektsson Band
01.30 Contrazt
02.30 Årets dansegalla er over – takk for besøket og velkomne tilbake neste år!


Prisar:
Weekendpass kr. 600 v/førehandssal på YX (Hydro) 578 79 586
Dagsbillett kr. 400 og weekendbillettar 700 i døra 
Det er ikkje førehandssal av dagsbillettar. 
Bestilling av plass for bubil eller campingvogn ring 949 82 083
Kr. 200 pr. natt m/ straum og kr.150 pr. natt u/straum.

Vel møtt! 

Helsing Hornindal IL Friidrettgruppa og Fotballgruppa.