Signering av klassekeeper
Tom Øyvind Solheim signerte i dag utlånspapira som om få dagar vil gjere han til Honndalsspelar for sesongen 2016. 
 
Tom Øyvind kjem på utlån frå Eid. Han er trass sin «unge alder» ein rutinert klassekeeper som har spela 3. divisjon både for Selje og Eid.  Saman med Adrian Grodås syte han for at HIL har ein solid keeperduo før årets sesong.

Vi ynskjer Tom Øyvind velkommen til klubben og ser fram til eit kjekt samarbeid.